Thursday, April 30, 2009

Godkjenning av året! =)

Jess, no har eg snakket med Zach og han sa at skulen hadde AP physic, AP chemestry, og Pre Calc... Det er dei fagene eg treng for å få året godkjent! (trur eg :P) Må snakke litt med rådgiveren, men dette betyr at eg mest sansylig får året godkjent =D

Wednesday, April 29, 2009

Vertsfamilien

Eg har no fått ein e-post av min framtidige vertsfamilie.

Neste år skal eg tilbringe heilt sør i Ohio på grensen til West Virginia. Familien består av Lorie (mor), Greg (far) og Zach (sønn på 16). I tillegg har familien to andre søner på 22 og 24. Han eldste jobber med å ta ein master-grad på eit universitet i Searcy, Arkansa. Justin (han på 22) held på å ta ein Batchelor-grad i Computer Science ved samme universitet.

Greg jobber som It-tech i Washington. Nei, det er ikkje Washington DC, men ein bitteliten plass i West Virginia. Eg og blei lurt i begynnelsen av det der... Lorie jobbar som sjukepleiar for ein gastroenterologist (mage- og tarmspsesialist?) i Parksburg, WV)
Dette er familien. Frå nede til venstre - Zach, Justin, Greg, og Chri. Oppe til venstre er JoAnna (Justing sin kone), Lorie og Elisabet (Chris sin kjæreste)



Bilde av Parksburg, WV. Dette er den 3. største byen i WV med 33 000 innbyggare og ligg 20 minuttars køyring frå der eg skal bu.

Eg skal gå på Warren Local High School. Den ligg berre 5 minutters køyring frå huset til vertsfamilien. Skulen har ca. 900 elevar og kan by på følgjande sportar: Football, Soccer (Girls & Boys), Baseball, Softball, Volleyball, Basketball (Girls & Boys), Track and Field (Coed), Cross Country (Coed), Golf, and Wrestling.


Det er all info eg har til no. Kan leggje ut når eg veit meir :)

Tuesday, April 28, 2009

Første innlegg i bloggen

Dette blir mitt første innlegg i bloggen om mitt liv som utvekslingsstudent USA 2009/2010

No sitt eg i sofaen heime med laptopen på fanget og tenkjer det berre er 4 månader til eg er i USA. Det er litt rart, og eg har ein blanda følese av skrekk og fryd.

Eg slengar snart ut litt info om vertsfamilien og bilete viss det er greit for dei...