Sunday, May 23, 2010

Washington D.C.

Lincoln memorial

Studentene frå Ohio

Svenske i D.C.


Martin, Sven og Marco

The white house. Hugo, Martin, Marco, Meg, Sven og Simon


Heile gruppen

Arlington Graveyard



Fleire bilder på Facebook


Gjennom året her har områderepresentante rundt her gått sammen og planlagt forskjellige turer med utvekslingsstudentene. Første turen var Niagara Falls, før dei tok oss til ein fornøyelses park, skitur, "all night party" og sikkert noe eg ikkje husker også. På kvar tur sa dei vi burde glede oss til Washington D.C., den turen kom til å bli den klart beste. Vi lurte litt på korleis det gjekk an, for alle turene var fantastiske, men dei hadde rett. Eg er ikkje heilt sikker på kva som gjorde det, kan hende det var hotellet med badebaseng og treningssenter, dei morsomme attraksjonene eller berre det å reise vekk, men mest trur eg det var alle dei fantastiske folka som var med og alle kjente kvarandre no.

Washington D.C. turen starta med at mange av utvekslingsstudentene overnatta i huset til Steve Flinn (sjef for alle dei lokale områderepresentantene). Vi var oppe det meste av natten og spelte billiard, fantasi eller satt i ein ring og snakka. Klokka 6 satt vi oss i bilen og satt kursen for USA sin hovudstad. "Bilen" var ein slags minibuss med plass til at kanskje 8 personer kunne sitte komfortabelt i den. Uheldigvis var den registrert for 15 personer så vi satt klemt sammen for dei 8 timene turen tok.

Då vi kom fram reiste vi til Arlington graveyard trur eg det var. Det er gravplassen med alle dei kvite korsene, der dei gravlegger alle dei falne soldatene. Etter det reiste vi til Olive Garden for å ete mat før vi reiste til hotellet.

Neste dag, fredag, reiste vi inn til sjølve sentrum av D.C. Vi såg den store obelisken framfor det kvite hus, lincoln memorial, Vietnam Memorial, Amerikan History Museum, det kvite hus (from a restricted distance), National Post Office for shopping av suvenirer og vi reiste til østkystens største kjøpesenter (Lederne likte tydeligvis ikkje prisene der inne, så vi brukte berre 30 minutter på titte rundt. Var berre tid til å gå inn og ut). 

Lørdag var museum dag og vi såg World History Museum of Dinosoaurs (kor dei spelte inn Night at the museum), The Hope Diamond, National Museum of Art,  National Air and Space Museum. I tillegg såg vi The US Capital, som eg alltid har trudd var det kvite hus før no.  Då det var tid for middag om kvelden reiste vi til eit "medieval dinner theater". Vi fekk servert mat på metallfat uten bestikk, og såg på folk som slåss med sverd og rei på hest. Var ein opplevelse!

Søndag blei brukt på turen heim, men vi stoppa med ein "Outlett mall" i eit par timer for å handle klær.


Monday, May 10, 2010

Meir av Arkansas


Utsikt over Saint Louise


Knøttelille heisen som går opp til toppen



Eit rådhus eller noe...




Greg og Lorie sammen med to av kusinene til Zach


Då vi endelig tok heisen opp i toppen av the Arch, kunne vi sjå utover heile Saint Louise. Vi brukte ein knapp time på å sjå ut dei knøttsmå vinduene og ta bilder. Då vi kom ned på bakkenivå igjen var det ikkje tid til å gjere noe annet, så vi reiste heim til tanten til Zach igjen. Fredags morning blei brukt på å reise til Sercy, Arkansas. Då vi kom fram rundt 13.00, reiste vi rett til Harding University. Det er skulen som Justin og Chris har gått/går på, og Zach har tenkt å søke til. Vi gjekk og såg oss litt rundt på campus, og eg og Zach gjekk til ein programmerings time for å sjå korleis det var. Då vi var ferdig reiste vi til Justin og Chris sine hus (dei bur tre gater frå kvarandre) for å pakke ut før vi reiste tilbake til universitetet om kvelden. Elever hadde satt sammen ein stor konsert, og hadde konkurranse om å ha det beste showet.

Neste dag blei eg vekt klokken 7 om morningen av Greg, Justin og ein venn av Justin for å reise på fisketur.  Vi fekk ingenting, berre eit par napp, men det var koselig å berre drive ned ein elv i ein båt. Søndag gjekk vi i kirken, var omtrent som i Belpre. Berre litt andre sanger og litt kortere. Då vi hadde ete lunch reiste vi til ein innsjø med 35 feet høye klipper for å bade. For å beskrive Justin kan du sjå for deg ein fyr som frivillig tar saltoer frå 35 feet og du har han. Tipper det var 18 grader i vannet, men alle klaga over att det var så iskaldt!

Mandagen blei brukt på den 14 timer lange turen heim igjen.