Wednesday, December 30, 2009

Jula nærmer seg (På etterskudd)

Då har vi unnagjort delen av jula som går ut på å stappe i seg masse god mat, og vi ligger på sofaen og slapper av. Vi er godt inne i romjula.

Justin og JoAnna hadde med seg hunden sin, Milly, ein god blandig av Beagle, Border Collie og nokre andre udefinerte raser. Milly og Saidie brukte mandagen på å rase rundt i huset og leike hudeversjonen av tikken. Som om ikkje det var nok så kom Chris heim til jul også og tok med seg både hund, forlovede (Elizabeth) og famlilien hennar (far, mor og bror). Onsdagen blei brukt til å handle inn dei siste julegavene. Og med dei siste meiner eg alle utenom den til Lorie som eg kjøpte då eg var i Colombus.

Julaften, som egentlig ikkje er julaften her borte, reiste eg, Greg, Justin og faren og broren til Elizabeth bort til skytebanen.Vi tok med eit egent lite arsenal og ammunisjon nok til å starte 3. verdenskrig. Vi hadde ein Mosin Nagant (russisk militærrifle frå 2. verdenskrig), ein .22 halvautomatisk rifle, ein bitteliten .22 som du kunne skifte løp på og vips, så var det ein miniatyr hagle, ein .50 muzzleloader og tre pistoler. Ein .22 (eller erteskyter som Greg kallte den), ein 9mm, og ein .45. Det var ein morsom dag. Å skyte med pistol var kjempeartig. Den store .45en blåste nesten vekk skiven, mens med .22 kunne du tømme eit magasin på eit sekund.

Eg glemte selfølgelig å ta med kamera, men her er eit bilde av ein moderne muzzleloader

Hagle og .22. Heile greien er omtrent like lang som armen din.

Men no går eg til sengs... Får skrive meir i morgen.

SEE YA LATER, TERMINATOR!

Tuesday, December 22, 2009

Det blei ikkje heilt den store snømengden her likevell. Mesteparten landa sør og øst for oss, og vi fekk omtrent 2 cm. Fredag kveld kom det ein fin hjort inn i hagen og eg skaut den før vi reiste på basketballkamp. Lørdag fekk eg unna litt juleshopping før Justin og JoAnna heim for jula om kvelden. Søndag etter kirken kom Josh og overnatta.

Saturday, December 19, 2009

Panikk!

Det er full panikk her no. Folk hamstrer mat og veisalt, og legger ein ekstra vedkubbe på ovnen mens dei hører på nyhetene som skriker om kommene krisetillstander og kaos. Det er meldt HEILE 7cm-15cm snø! x)

Thursday, December 17, 2009

Bilder og juleparty

Hmm, er egentlig ikkje i humør til å skrive eit lengre innlegg no, så legger heller ut fleire bilder. Men alle liker jo bilder :)

På søndag var det juleparty for utvekslingsstudentene i området. Vi samla oss i huset til ein av dei lokale områderepresentantene og alle måtte lage ein rett frå landet deira og ta med. Eg lurte lenge på kva eg skulle lage, men endte tilslutt opp med panne- og (heldigvis) kjøttkaker. Pannekakene var ganske fail, nokre var deig i midten og datt frå kvarandre, mens andre var svartsteikte. Kjøttkakene gjekk det bedre med, sjøl om dei ikkje var heilt som mormor sine :).

Det var ikkje noko spesielt opplegg på festen, vi snakka og spelte biliard for det meste, men det var kjekt å møte igjen folk frå Niagara Falls turen. Vi hadde også ein gavevelging. Ja, velging. Alle tok med ein gave som dei putta under treet. Så trakk første personen ein tilfeldig gave. Den neste personen kunne enten trekke ein ny gave eller ta gaven den første personen hadde fått. Sånn fortsatte det heilt til alle hadde fått ein gave. Det var kjempemorsomt, bortsett frå at eg endte opp med ein "room refresher".

Onsdag hadde koret og "bells" julekonsert. "bells" er ein gruppe med kun bjeller.. Høres ganske kjedelig ut, men eg blei virkelig imponert av dei. Dei var kjempegode.

I dag hadde ungdomsgruppen i kirken juleparty. Hadde det kjempemorsomt, men det var omtrent det samme som den andre julefesten, berre at denne gangen var eg litt heldigere med gaven x) Fekk ein "magic 8-ball" og ein pakke snop.

Roterende plastjuletre! :)
Liten gubbe med peisen
mmmmmmmmm


Huset ferdig pynta

Ikkje så langt unna Norge; Jarlsberg-ost :D


Utvekslingsstudenter + familie

Basketballkamp

Fekk ein pakke frå Norge i går :D



Thursday, December 10, 2009

Gamle folk og snø

Denne uken har vert ganske stress, men ganske morsom. Husker ikkje kva som skjedde på mandag, men tirsdag var eg med kirken på "visitation". Nokre ungdommer frå kirken pluss ein voksen, reiste på besøk til eit gammalt ektepar som ikkje ellers hadde så mykje kontakt med omverden, og prata om laust og fast. Etterpå skulle vi egentlig til Buffalo Wild Wings (Fantastisk resturant, med dei deiligeste kyllingvingene i amerika!), men siden Zach er på ein glutenfri diett no og kan ikkje ete noko der, reiste vi til McDonalds istedenfor.

Onsdag etter skulen reiste eg til Josh sammen med Zach og Scott. Vi var der fram til kirken begynte klokka sju. I dag reiste vi også til Josh, men Scott var ikkje med denne gangen. Vi dro heim rundt seks, eg åt middag og skreiv ein stil til fotoklassen. Det var ein rar oppgave... Det eineste vi fekk var å definere "excellence" og trekke inn ein tekst vi leste i klassen av ein fotograf.

Oo, når eg stod opp i dag snødde det kraftig. Uheldigvis låg det seg ikkje så vi fekk ikkje "snow day" :( Det er rundt -5 grader her no, men det varierer veldig. På tirsdag var det +15 grader om morningen.

Wednesday, December 9, 2009

Nytt frå sist uke

Eg kom akkurat på noko eg gjorde sist uke. Sist onsdag (eller var det torsdag?) var det Senior Luncheon. Alle seniorene samla seg i gymsalen i 5. time, åt pizza og såg eit show. Eg er ein junior og skulle egentlig ikkje ha vert der, men siden eg hadde fysikk i 5. time og alle klassekameratene er seniorer, følgde eg etter dei. Vi fekk gratis pizza, brus og nokon fantastiske brownies. Eg satt og prata med noen folk fram til ein tryllekunstner hadde eit show. Han begynte med å misste halvparten av ballene han sjonglerte før han fortsatte i samme spor triks etter triks. Det var ganske "Awkward"..

Åå, ja, eg har også hjelpt Greg med å kutte opp to hjort dei siste ukene.. Har lært ein del og trur eg kunne gjort det åleine no, i alle fall meste parten :P

Mens eg skreiv dette satt eg og leikte med ein papirlapp eg fant på pulten. Eg blei ganske overrasket då eg såg kva papirbit det var.. Har ikkje peiling på kordan den har komt her x)
Kinobillet frå Landsskytter

Monday, December 7, 2009

oppdatering

Hmm, så var det på tide med ein liten oppdatering igjen. Har blitt mindre og mindre motivert til å skrive i det siste.

Husker ikkje heilt kva som skjedde siste veka på skulen, men ikkje noko veldig spennande. I engelsk leser vi eit teaterstykke, "The Crucible", som er ganske kjedelig. Fredag var første basketballkampen denne sesongen. Rett etter skulen gjekk eg til Josh og hang der sammen med nokon andre til kampen begynte. Kampen var kjempegøy. Studentseksjonen hadde egne sanger/rop og gjorde forskjellige ting. Då kampen var ferdig reiste eg rett heim, tok ein dusj og bytta klær, før eg reiste til Nathan. Josh, Keith, Scott, Martin, Hugo og Zach var allerede der. Eg og Keith hadde ein ganske intens dartkamp, som han vandt så vidt etter 5 runder...

Neste morning reiste eg, Martin, Nathan og Hugo til Colombus sammen med nokre andre utvekslingsstudenter for å shoppe. Eg fant ikkje så masse, kun ein shorts og ein presang til Lorie, men vi hadde det kjekt for det om. Eg fant ein masasjebutikk der ein kunne prøve ein masasjestol gratis. Eg satt meg ned i den trykte på nokon knapper, før eg var i himmelen. Det var så herlig eg ikkje reiste meg før ein butikkansatt kom bort og sa høflig at andre også kanskje burde få ein sjanse til å prøve :P Så viss det er nokon som har tenkt å kjøpe ein $3,200 dyr julepresang til meg, veit du kva eg ønsker meg ^^ I ein bokhandel fant eg ein guide bok om Norge. Det var ein av dei morsomste bøkene eg har lest på lenge, folk i butikken må ha trudd eg var tullete i hodet som stod og lo av ein guidebok.

Søndag åt vi lunch og handla forskjellige plasser etter kirken og kom ikkje heim før fire. Halv sju reiste eg til Brad og hang der fram til leggetid..Hmm, er ikkje sikker på koffor dette er feil vei... :/

Tuesday, December 1, 2009

Stuff... (meaning I'm to lazy to make a title)

Fredag trimma eg av thanksgiving-fettet med ved-kløyving. Det var egentlig ikkje hard i heile tatt. Greg hadde lånt ein kløyvemaskin og kubbene var allerede kutta opp. Det einaste vi måtte gjere var å kløyve dei med maskinen og kaste dei opp i ein pick-up truck.

Lørdag spelte eg paintball med Nathan Vinent, ein fyr frå fysikken, og to andre folk. Vi var dei einaste som var på banen utenom tre andre som gjekk etter ein halvtime, men vi hadde det kjempegøy. I ein runde blei lagkameraten min skutt, og eg var aleine mot to. Eg dukka opp bak ein høyball, såg ein maske og skaut. Eg traff i masken rett over munnen, fyren falt ned og begynte å rulle. Uheldigvis var det min egen lagkamerat som stod og såg på.

Lørdag kveld kom mellomste broren til Zach, Justin, på besøk sammen med konen sin. Dei hadde feira thanksgiving hos foreldrene hennar, men overnatta hos oss på veien tilbake til Arkansas. Dei hadde med seg hunden sin, så ho og Saidie løp rundt over heile huset resten av kvelden.

Søndag var det kirke igjen om morningen, før vi reiste heim og hadde ein fantastisk "roast" av hjort. Eg er ikkje heilt sikker på kva det er, men det er ein slags steik som har blitt kokt. Om kvelden reiste eg og Zach til Brad og spelte x-box sammen med Eirik, Paul og Collin.

Mandag var første dag for hjortejakting med skytevåpen (hagler med slug/munnladingsvåpen/pistoler, men rifler er forbudt). Siden så mange elever på Warren går ut på jakt, og ville ha skulka viss det var skule fekk alle fri. Eg og Greg stod opp 6 om morningen, tok på kamuflasje og reiste ut i skogen. Det regna, men Greg hadde ein paraply han kunne feste rundt eit tre så eg holdt meg relativt tørr. Vi satt der fram til 12 uten å sjå annet enn ekkorn, så vi reiste heim, tok ein matbit, og tørka opp. Rundt to reiste vi ut igjen og satt fram til fem. Såg ein hjort denne gangen, uheldigvis var det berre rompen og den forsvant inn i buskene etter mindre enn to sekunder. Uansett var det ganske spennende, og tiden gjekk bemerkelsesverdig fort.