Thursday, March 11, 2010

Oppdatering!







Hmm, no gjelder det å huske ka som har skjedd siden 15. februar...

Ein helg reiste ungdomsgruppen i kirken til "Winterfest", ein stor kirkeleir i Gatlinburg, Tennessee. Det tok 8-10 timer med buss ned der så vi kom ikkje fram før i 5 tiden på fredag. Vi blei delt inn i rom før vi gjekk ut for å utforske byen. Gatlinburg er ein turistby, så det var fullt av rare butikker og ting å sjå. Klokken sju begynte sjølve samlinga. Sjølv om det var i ein stor hall, nesten like stor som ein fotballbane, var det berre plass til halvparten av folka som var der. Totalt var det nesten 15,000 ungdommer på plass, så dei måtte dele gruppen i to og kjøre programmet i to omganger.

Det heile begynte med ein liten introduksjon til temaet, før ein illusjonist/komiker hadde eit lite show på scenen. Etter det var det litt salmesynging og ein fyr holdt ein tale før vi slapp ut. Vi brukte eit par timer etter det til å berre gå rundt å sjå på ting før youthgroupen vår hadde ein samling tilbake på hotellet. 

Lørdag begynte dagen med ein ny samling. I begynnelsen var oppmerksomheten retta på ein komiker på scenen før samme fyren som dagen før holdt ein ny preken om samme tema. Etter litt allsang blei vi kasta ut på gaten for å gjøre plass til neste gruppe. Vi gjekk til Texas roadhouse for å ete lunch, men gatene var så fulle av sultne kristne ungdommer så vi måtte vente i 45 min før det i heile tatt var eit bord ledig.

Om kvelden var det ein ny samling som gjekk stort sett ut på det samme. Begynte med to morsomme artister før det var litt allsang og ein fyr preika i vei. Dei hadde også ein "debatt" mellom ein kristen og ein ateistisk professer.Trur dei fleste i hallen syns det var ganske tragisk. Eg veit ikkje heilt ka arrangørenene prøvde på. Dei sa dei prøvde å hjelpe folk når dei blei stillt kritiske spørsmål om trua deira, men han "professoren" var så dum/hjelpelaus at dei fleste kunne ha diskutert bedre enn han.

Eg visste ikkje heilt ka eg skulle forvente av bursdagen min, men det var kjempekoselig. På sjølve dagen sang folk i fysikkklassen og matteklassen bursdagssangen. Då dei kom til "Happybirthday to ..." visste ingen heilt ka navn dei skulle sei, så det blei ein blanding mellom, BiiDjornar, bernard, Lee og noen andre varianter eg ikkje heilt kunne tyde. Etter skulen gjekk eg ut med familien for å ha ein bursdagsmiddag. Eg trudde det berre var oss fire, men då vi kom til restauranten satt det ein liten samling rundt bordet. Kirkegruppen Lorie og Greg går til hadde visst funne ut dei skulle ha eit lite overasskelses besøk for meg. Dei er kjempekoselige, og det var veldig hyggelig. Fekk litt forskjellige presanger. Eit par Ohio State (amFotballag) t-skjorter, ein foldekniv, ein stor pakke m&m, ein West Virginia hoody og av Greg og Lorie fekk eg ein kikkertsikte til å feste på Saueren når eg kjem heim. 

To dager etter gjekk eg ut med forskjellige venner til Buffalo Wild Wings for å feire. Matt spanderte 6 "Blazin' wings" på dei to utlendingen der. "Blazin' wings" er dei sterkeste kyllingvingene dei har. På menyen står det ein advarsel: "Warning, keep your hands off eyes, kids, sensitiv skin, and pets after eating these". Eg syns egentlig ikkje dei var så veldig sterke, den tyrkiske pepperen var masse verre, men Martin kjente det ganske bra...

Husker ikkje/Gidd ikkje skrive meir no. Pga alle snødagene i februar må vi gå 1 time lenger på skulen i heile mars! Starter 8.15 og slutter ikkje før 16.12.. Det er forferdelig! Særlig siden eg begynte på Track (friidrett) på mandag. Trening er rett etter skulen og eg kjem ikkje heim før 18.30-18.45.. The first day of practice we had to run 1600m to warm up, then do some stretching and short sprints. After that the coach said: "Good, now run wherever you want for 40 minutes". I thought she was kidding before everybody started running. After 40 minutes of terror we had to do eight 70 meter sprints. The next day we did 50 minutes of running. Aww, I dont think I've ever been this sore. Today we did 6X800m, each in no more than 3 minutes.. 

Hahah, skifta visst over til engelsk oppi her.. Ganske rart :P

Basketball kamp