Saturday, August 29, 2009

Første dag i Ohio!

Etter eg hadde trefft vertsfamilien på flyplassen kjørte vi heim, ein ca. 20 min kjøretur. Eg trudde på forhand at det ville bli ein pinleg stille kjøretur, men det var masse å snakke om. Ettersom vegen bølja med landskapet dukka det opp skog. Masse skog. Langs heile vegen var det skog, kun avbrutt av ein by og ein elv. Nokre av dei vegane eg har kjørt på her ligner forresten litt på dei i Polen. Dei er breie og rette, men asfaltkvaliteten er ikkje heilt på topp. Det kan pluttselig dukke opp store hull eller humper. Eg har heller ikkje heilt forstått meg på vikeplikten her...

Det første som slo meg då vi kom til huset var kor stor hage det er her. Den er enorm! På framsiden av huset ligg det ein kanskje 250X100 m stor plen og på baksida er det omtrent 50X100 m. Å slå den med grasklipper tar 6 timer! Vi kjørte inn i garasjen og eg tok koffertene mine inn i huset. Plutselig bykser det eit gigantisk monster av ein hund fram og prøver å dytte meg overende. Det er Saydi (Er litt usikker på korleis ein staver det navnet :P), familiens gigantiske hund som har ein mentalitet til ein liten kvalp. Ho er ein blanding av ein Golden Retriver og ein puddel og er kjempesøt. Ho trur ho er ein kvalp og oppfører seg sånn. Hopper rundt om kring, prøver å komme opp på fanget ditt og elsker å leike. Sjølve huset er veldig fint. Stue, og kjøkken i 1. etasje og soverom i 2. I kjellaren er det billiardbord, bordtennisbord, sånn fotballgreie og treningsapparat.

Etter eg hadde pakka ut reiste vi bort til skulen for å skrive meg inn, få ein liste over fag eg kunne velge mellom og ein liten rundtur. Skulen var sikkert moderne då den blei bygd på 1970-tallet, men no er den litt slitt og det lekker frå taket fleire plasser når det regner. Det er ikkje aircondition i gangane, og glassveggane hjelper ikkje til for å lede varmen vekk akkurat og det blir ekstremt varmt når sola står på.

Får å bli med i ein sport i regi av skulen må ein ha legeerklering på at ein er frisk nok. Sidan eg skal begynne på soccer her reiste vi derfor rett til Parkersburg etterpå, der eg fekk ein vanleg legesjekk. Klokka halv 6 begynte treninga og varte i 2 timer. Etter trening kom nokre av Zach sine vener bort. Vi spelte x-box til rundt 02 då folk begynte å sovne på sofaen.

Det var første dagen i Ohio. Det var veldig travelt, men eg syns den var ein god start på utvekslingsåret.

Tuesday, August 25, 2009

Parksburg Airport

Fredag 20. august var avreise dag frå New York til vertsfamiliane. Flyet mitt gjekk 06.10 og eg måtte stå opp kvart over tre! 03.15! Det var ein trøtt liten gruppe som tumlet ut i bussen kvart på fire. Det var ein lang kø med innsjekkinga, men den var heldigvis ikkje like treig som den ved tollkontrollen.

Først gjekk flyet til Washington D.C før vi tok eit bittelite, "Widerøe-stil", propellfly vidar til Parksburg. Det var fem pasasjerer om bord i flyet! 40% utvekslingsstudenter :P Det første som slo meg når flyet letta var kor flatt alt var. Milevis med store åpne sletter, uten ein liten hump i sikte. Etter kvart som vi kom nærare destinasjonen, blei det meir "liv" i terrenget. Det det var fortsatt flatt, men skogen begynte å vokse tett og det blei meir kupert. Som eit papir som har blitt krøllet sammen og bretta ut igjen.

Etter ein del turbolens og eit lite skrik frå dama ved siden av meg, landa vi på Parksburg flyplass. Ein bitteliaten flyplass på ein topp midt i skogen. Flyet parkerte utanfor terminalen. Gjennom glassveggene såg eg tre skikkelser, Vertsfamilien. Det var ikkje vanskelig å kjenne dei igjen frå bildene eg har sett på facebook. Men det var ein ganske rar opplevelse å komme inn i terminalen og hilse på familien din for dei neste 10 månane. Det var nesten uvirkelig. Eg har venta i 6 måner på å komme her, men det har ikkje heilt gått opp for meg enda.

Eg ligg 5 dager på etterskudd med bloggen, men no gidd eg ikkje skrive meir... Til neste gang kan de glede dykk til bilturen heim frå flyplassen, legebesøk og soccertrening!

Kan ikkje du kommentere viss du leser dette? Berre legge igjen eit lite mellomrom eller noe?? :)

Monday, August 24, 2009

New york: Del to

Dag nummer to i New York begynte på samme måte som dagen føre. Stod opp klokka 7, åt muffins, og gjekk til bussen som kjørte inn til Manhatten. Vi plukka opp guiden vår og kjørte rundt "downtown". Vi såg blant anna "Ground Zero" sjøl om det ikkje var så mykje å sjå der... Det såg ut som ein heilt ordinær byggeplass.

Deretter kjørte vi til sydspissen av manhatten og gjekk ombord i "Staten Island ferry". Eg anbelfaler alle som skal til New York å ta denne. Du får fantastisk utsikt til både New York, Statue of Liberty, og Brooklyn Bridge som vi gjekk over då vi kom tilbake frå ferjeturen.

Det var omtrent NewYork turen min... Den terdje dagen, fredag, måtte eg stå opp kvart over 3 for å rekke flyet, så det blei ikkje så mykje tid den dagen.
Frå Brooklyn Bridge. Frihetsgudinnen i bakgrunnen


Saturday, August 22, 2009

New York <3 Del 1:

Litt sein oppdatering, men har ikkje faatt tid til aa skrive foer...

Landa i NewArk, New Jersey, som ligg rett utanfor Manhatten 15.00 Amerikansk tid, 18 timar etter eg forlot Hjelmtveit. Det er heilt forferdelig aa komme seg inn i USA. Paa forhand maatte du fylle ut eit skjema om bagasjen din, kor masse penger du kom til aa legge igjen i USA osv. Naar vi kom til flyplassen maatte alle gaa gjennom ein tollkontroll. Dei hadde ein lang rekke med stasjoner, saa koen var ikkje saa lang, men det tok saa vanvittig lang tid med kvar person. Vakten saag gjennom alle papira dine, sammenlikne dei med noko paa skjermen, sjaa litt til paa papira, ta fingeravtrykka dine, ta eit bilde av deg, og stemple hundre papir foer du fekk gaa vidare.

Hotellet var heilt greitt, men naar vi fekk utdelt noekklene viste det seg at eg hadde blitt plassert paa eit rom med to jenter, og siden hotelletvi maatte dele seng for hotellet ikkje hadde fleire ekstrasenger var ikkje det saa god ide. Eg blei i staden plassert sammen med to svensker som begge skulle til Washington.

Etter ein kort natts soevn stod eg opp klokka sju for aa faa frukost foer vi skulle paa guida tur paa Manhatten. Naar eg stod i heisen gleda eg meg til egg og bacon, rista broed, poelser, sopp og andre kolesterolholdige herligheter. Eg kom inn til restauranten og stirra paa buffeen. Det var tre typer mat: Blaabearmuffins, vanlige muffins og nokre ekle smaakaker. Eg hadde aldri trudd eg skulle gaa sulten fraa eit amerikansk maaltid :P

Etter "frukosten" tok vi buss til Manhatten. Vi plukka opp guiden og kjoerte "Central Park" og hadde ein liten spasertur. Derretter kjoerte vi ned 5th avenue og vidare rundt paa Manhatten medan guiden veksla mellom aa synge gamle 70-tallslaater og sitere Shakespeare. Klokka 13.00 Var vi komt til Central Station og blei sleppt laus. Vi fekk lov til aa sjaa New York paa eigenhand. Eg, ein fyr fraa Bodoe, to svensker og ein Danske, gjekk til det veldig beroemte krysset i New York eg ikkje husker navnet paa, og foelgte Broadway opp til Central Park. Vi var i Applestore, verdens stoerste Apple butikk (Ikkje eplebutikk som eg trudde foerst, men datamerket "Apple"). Den var egentlig ikkje saa imponerende... Eit hull i bakken paa ca. 25X30 m.

"The top of the Rock" var anderledes. Det var ein fantastisk utsikt derifraa. Eg glemte selvfoelgelig kamaraet, saa eg har ikkje bilder derifraa, men men...

Er litt paa etterskudd her, men haaper aa faa del 2 ut i morgen ;)
See Yhaa =)





Ekkorn i Central Park

Travel dag paa Walstreet

Dansken eg ikkje husker navnet paa, Boerge and Axel =)

Wednesday, August 19, 2009

USA, weeeee! ::D

Reisen til New York var ganske lang. Först måtte eg ta eit fly frå Bergen som gjekk klokka 6.10. Eg sa eit siste farvell til Mamma, pappa og Silje 6.05 og gjekk gjennom sikkerhetskontrollen. Flyet til Oslo gjekk frå Gate 28, så då eg såg eit skilt med "Gate 15-27" fölge eg det i god tru. Eg kom til ei glassdör med to vakter som sjekka billetten din. Eg viste den og gjekk gjennom döra. Då kom eg til ein stor butikk med alkohol, sjokolade og eit slör av parfyme hengande i lufta: Tax Free-en... "ÅÅ, faen", eg var komt inn på den internasjonale delen! For å komme tilbake til flyet mitt måtte eg löpe ut i terminalen og gjennom sikkerhets-kontrollen igjen. Då eg kom ut i terminalen blei eg mött av ein högtalar som leste opp navnet mitt og sa eg måtte komme få räve i gir og sikkerhetsfolka såg rimelig rart på meg når eg gjekk gjennom der for andre gang :P.

Når eg kom til Oslo gjekk det rimeleg greitt med god tid. Venta ein halvtime på dei andre Explorius folka og nesten to timer igjen för flyet gjekk vidare til Köpenhamn. I Köpenhavn måtte vi vente i to timer för flyet gjekk vidare. Når eg kom på flyet mötte eg igjen på problem... Det satt nokon på plassen min! Begge to hadde billett som sa vi skulle sitte på akkurat den plassen. Eg fekk tak i ei flyvertinne og medan ho sjekka opp i det tenkte eg på kva eg skulle gjere når eg blei satt av flyet. Heldigvis kom ho tilbake med positive nyheiter og viste meg til ein plass lenger framme. Flyturen var ganske fin. Alle hadde sin eigen trykkskjerm som ein kunne styre sjöl. Ein kunne sjå dei flimane ein ville, höre på musikk, eller spele enkle spel.

Når vi kom fram til New York slo varmen mot oss. Kvikksölvet hadde krypt over 30 grader og luftfuktigheta var som i Amazonas. Vi måtte vente utanfor i 40 minutter för det kom ein buss som köyrte oss til hotellet.

Bilder, pluss info om dei guida turane på Manhatten kjem snart :)

Wednesday, August 12, 2009

Uweeeeeee!

6 dager til eg reiser. Eller 5,184 X 10^5 sekund for dei som er god i matte...

Det verste er at det ikkje har gått heilt opp for meg enda. Føler eg skal vere i Noreg eit par veker til, kanskje til og med måner, enda eg VEIT flyet misser kontakt med norsk jord 18. august klokka 09.25, og ikkje kjem til å sjå Noreg igjen på 10 måner. Kanskje det er like greitt eg ikkje føler noko. Eg slepp den fæle siste veka som skal vere så vanskeleg å komme gjennom, men det er skummelt likevell...

Nokon andre som skal til New York 18. august? =)