Friday, January 22, 2010

Hmm, husker ikkje heilt kortid eg skreiv sist, men har berre ikkje gidda å skrive noe.
Uansett, ein eller annen dag mellom sist gang og no, reiste eg, Greg, Erni og Mark til ein våpenbutikk, eit stykke nord for her. Dei hadde alt mulig rart. Favoritten var ein revolver som kunne skyte haglepatroner! Blant diverse kopier av m16 fant vi ein gammel brittisk 2. verdenskrigsrifle som hadde fått ny stokk og "scope mount". Avtrekket føltes nesten perfekt, og den såg ganske stilig ut. Greg signerte eit par papir, langa over $150 og vi tok den med heim.



Lørdag for ein uke siden var det ein stor basketball kamp mellom rivalene Warren og Belpre. Det var ordentlig liv på fulle tribunen. Omtrent alle i studentseksjonen sang/ropte og hadde det kjempekjekt. Vi vant ganske med ganske masse viss eg husker rett, men eg følgte ikkje så godt med på stillingen :P Etter kampen reiste eg og Zach til Josh og overnatta der. Om morningen reiste vi til kirken før vi gjekk på ein meksikansk restaurant og møtte Nathan, Martin, Atlanta og ein anna fyr for å feire bursdagen til Josh. Etterpå reiste vi til Nathan og Martin for å sjå "The Hangover".

Klokka 6 måtte eg og Zach reiste til Youthgroup. Det var ganske kjekt denne gangen. Vi åt noe tacogreier, spelte billiard og snakka for mesteparten av tiden før vi leste litt i bibelen og snakka om ein bok der... Etterpå reiste omtrent alle guttene til Chance sitt hus og overnatta der siden vi hadde fri på mandag (Martin Luther Kings dag).

På tirsdag var det basketball kamp mot Marietta, som var enda større enn Beplrekampen. Etter skulen gjekk eg med Levi, Drew og Sam til Subways (samme som Big Bite). 1 foot sub seinere reiste vi til ein butikk for å kjøpe blå annsiktsmaling og div. Då vi reiste tilbake til skulen var det ein time til kampen starta, men gymsalen var allerede begynt å fylles opp. Det var ein kjempemorsom kamp. Nokon hengte ein tiger (Marietta sitt symbol) etter nakken frå taket, og då ein fyr frå marietta prøvde å ta den ned, reiv han hodet av den.. :P Kampen enda med at vi vant 55-49, og folk sang "Just like football", for vi vant mot dei der også. Det var for første gang på 10 år, men det blir det ikkje snakka så masse om.



Dagens blinkskudd

Wednesday, January 13, 2010

3 weeks of Christmas break

Eg har hatt min lengste juleferie eg nokon gang har hatt og kjem til å få. Sist uke snødde det litt kvar dag. Omtrent 1 cm, og vi fekk like greitt fram til helga. På mandag hadde dei enda ikkje skufla vekk snøen på sideveiene så vi fekk fri då. Om kvelden snødde det 2 cm og vi fekk fri tirsdag ^^ I dag var alle veiene relativt snøfrie, så vi måtte gå på skulen, men med "2 hour delay", haha.

Snødagene blei brukt for det meste på å sove lenge, slappe av på sofaen og ake litt. Torsdag kom Cody (sikkert over 2m høg), Josh, Nathan og Martin på besøk. Vi fant ein ganske lang bakke vi akte i. Uheldigvis var den ikkje alt for bratt, men det var kjempemorsomt fordi. Dei fleste akebrettene her borte er ikkje harde som i norge, men berre eit brett av isopor eller noe... Då vi ikkje gadd å gå opp bakken fleire ganger reiste vi til Josh og hang i kjelleren hans. Fredag hadde vi ein snøballkrig i hagen hans, før vi fant ut vi skulle gå bort til butikken for å kjøpe snaks. Det tok kanskje 10 min å gå bort, men folk begynte å klage allerede etter 400m x) Då vi kom fram kjøpte vi Hot Fries (mmmmmmmmm), chips og brus. Etter ein "laaang" tur heim att spelte vi billiard og x-box fram til Greg kom heim frå jobb og henta oss. Zach hadde ikkje lov å kjøre siden det var snø på veiene.

Lørdag til Tirsdag var det jaktsesong igjen (for muzzleloader), og søndag kveld skaut eg ein hjort. Uheldigvis begynnte den å springe inn i skogen og var ute av syne innen eit par sekunder. Eg gjekk inn for å spore den opp og fant eit fint blodspor. Omtrent 700m inn i skogen mista eg og Zach sporet og måtte gi opp. Det var for mørkt til å sjå noko, og "smallgroup" hadde allerede begynt for 45 min siden. Då vi kom heim igjen var allerede Greg inne i skogen for å leite, men kom heim uten hell. Mandag hadde vi heldigvis "snow day" og då eg stod opp tok eg på ullundertøy, lada opp muzzleloaderen og gjekk inn i skogen igjen. Eg fant kor Greg hadde mista sporet, og klarte etter å traske rundt der i kanskje ein time å finne det igjen. Eg kom til ein plass hjorten hadde lagt ned, og etter det blei det berre mindre og mindre blod. Pluttselig kom den til ein plass med hundrevis av andre spor og det var umulig å vite kor den gjekk vidare.

Då klokka var 15, gav eg opp og begynte på turen heim. Eg gjekk ein litt anna rute enn på vegen inn, og omtrent halvegs kunne eg høre ein kråkeflokk på andre siden av eit gjorde. Eg kjente hjertet hoppe då eg såg dei holdt på å ete på noko. Då eg kom nærmere kunne eg sjå det var ein liten hjort. Uheldigvis hadde koyoter (?) komt der før meg og det var umulig å sjå om det var hjorten eg leita etter eller ikkje.

Då Greg kom heim frå jobb reiste vi til ein av naboene (John Mikael) og gjekk på jakt der sammen med Erni. Eg blei satt i eit "treestand" (Ein stol skrudd inn oppe i eit tre) og satt der til det blei mørkt. Eg såg ingenting utenom eit par ekkorn. Erni var heldigere og skaut ein liten hjort.

Tuesday, January 5, 2010

Meir Jul




I femtida julafta hadde vi middag med den "lille" familien. Dei frå Peru serverte ein peruisk rett som var ganske god. Etterpå slappa vi av før vi reiste i eit besøk til faren og moren til Greg. Dei andre var i slutten på ein film når vi kom, men vi såg den ferdig. Etterpå åpna vi nokre gaver frå personene i besøket. Eg fekk ein presang av foreldrene til Greg, ein samlebok med dei fleste quarter myntene med dei forskjellige statene på, det var ein kjempefin presang! (Kvart år har det komt ut eit sett quarter-mynter med forskjellige stater bakpå mynten)

25. desember, eller jul som dei kaller det her, stod eg opp og begynte å lage risengrynsgraut med mandel i. Eg hadde ikkje grautris, men pappa hadde fortaklart meg korleis eg skulle lage den med vanlig ris. Den blei litt svidd og smakte ikkje heilt som den skulle, men eg var ganske fornøyd med resultatet. Chris fant mandelen, men eg fant ikkje ein marsiopangris her, så han fekk ein sjokolade nisse istedenfor. Men før vi åt frukost var det pakkeåpning! Først åpna vi sokken. I den var det små ting som ein lommelykt, nøkkelknippe, tyggis, o.l. Det var ganske koselig :P Alle dei store pakkene var samla under treet, men vi trakk ikkje ein og ein pakke som vi gjer heime. Alle fekk pakkene sine, så åpna vi dei i lag. Var egentlig greitt, fekk det unnagjort på kort tid på den måten.


Resten av dagen blei det ikkje gjort så mykje. Vi gjekk hadde kanskje eit familiebesøk med morsiden, men husker ikkje heilt om det var 25. eller ein annen dag. I alle fall så hadde vi eit anna familiebesøk på eit eller anna tidspunkt. Då hadde vi ein "white elephant gift exchange". Alle legger ein billig gave under treet og trekker eit nummer. Nummer 1 begynner med å åpne ein tilfeldig gave. Nummer 2 kan enten ta gaven til nummer 1 eller trekke ein ny tilfeldig gave. Nummer 3 kan enten ta gaven til 1 eller 2 eller trekke ein ny gave, osv. Det er kjempemorsomt! Eg hadde det siste nummeret og kunne velge mellom alle gavene eller åpne den siste gaven. Eg stal ein knalltøff, ja, nesten tøffere enn toget, pynteelg frå Josh.

Ein av dei andre dagene gjekk vi på kaninjakt. Det skulle egentlig vere meg, Justin, Greg og ein venn av Greg og sønnen hans, men vennen til Greg hadde nettopp opperert ein inngrod negl og måtte vere heime. Vi andre derimot, lada opp haglene, og begynte å traske gjennom skogen. Eg fekk låne ein halvauto halge av Greg (noko som skulle hjelpe meg seinare). Vi hadde to hunder med oss som sniffa opp kaniner og jagde dei rundt i skogen til dei kom til oss. Eg gjekk ein stund rundt uten å høre ein lyd bortsett frå bjeffinga til hundane. To ganger blei dei overdøva av skudd, då Greg og Mark (sønnen til vennen til Greg) fekk kvar sin kanin. Brått sprang det ein kanin framfor meg og eg skaut ein gang. Kaninen låg langflat på marken i ca. 1 sekund før den tok til å springe igjen. Men etter det neste skuddet var den nede for godt. På slutten av dagen hadde eg skutt ein til og vi hadde seks og ein halv kanin tilsammen (Greg skaut ein på litt for kort avstand).
Hmm, forresten, forkaninjakten var dagen etter familiebesøket, for eg og Zach reiste til Josh og overnatta der om kvelden etter besøket...

Tirsdagen reiste i alle fall Justin og Chris /m familie heim att og eg fekk endelig sove i min egen seng igjen. Eg hadde sovet på ein madrass i stuen den siste veka for Elizabeth hadde fått rommet mitt. Var egentlig ikkje gale, Luna (chris sin hund) kom til og med og holdt meg med selskap om natten på madrassen, men det er deilig å ha egent rom.
Ka eg fant i sengen min då eg skulle legge meg ein kveld


Merker eg burde ha skrevet dette før for husker ikkje heilt meir kva som skjedde i jula. I alle fall så kom Levi over tirsdag ettermiddag og overnatta til onsdag. Nyttårsaften reiste vi i eit lite besøk. Det var berre søsteren til Greg som bur i Missouri og hennar to dattre, oss og foreldrene til Greg. Det som var merkelig var at INGEN sender opp rakketter her. Vi sendte opp nokon små hylere, men bortsett frå det hørte eg ikkje eit eineste smell. Nyttårsaften må vere eineste tingen nordmenn bruker meir penger på enn amerikanere :P 1. januar gjekk vi på kaninjakt igjen. Denne gangen var vi ikkje like heldige. Eg skaut to kaniner, men det var også dei einaste vi fekk.

Lørdag 2. januar stod vi opp klokka halv seks for å reise på skitur med utvekslingsstudentene i området. Vi kjørte opp sjøl og Greg, Lorie og Zach var med. Vi gav også ein svenske "a ride". Det var egentlig ein 3 timers tur til skianlegget, men pga. dårlig ver tok det masse lenger. Lederne hadde valgt den perfekte dagen for å stå på ski. I fjellet var det -12 grader, storm i vindkastene og det snødde som faen. Etter første turen tok eg av meg skina gjekk rett inn i butikken og kjøpte ein annsiktsmaske, sjølv om eg hadde eit skjerf som dekka ansiktet frå før av. Eg stod mest med Sven, ein tyskar eg møtte på Niagara Falls turen, og Victor, ein svenke eg var på samme fly frå New York med. Dei var ganske gode til å stå på ski/snowboard, så måtte ikkje vente på dei eller noko. Løypene var ikkje heilt dei mest utfordrene, dei var ganske pinglete i forhold til Voss, men det var kjempemorsomt. Særlig då vi fant ut vi skulle kjøre ned ein av løypene med eit stooort "Closed" skilt. Snøkanoner hadde bygd opp store hauge med snø midt i løypen, og alt var dekka med pudder.

Søndag våkna eg opp med ein vondt hals og rennende nese, men eg gjekk til kirken likevell. Etterpå reiste ungdommene der til Parkersburg og åt på ein meksikansk restaurant. Skulle ønske vi hadde fleire av dei i Norge, Mexicansk er kjempegodt!

Mandag var det første skuledag, men eg følte meg værre enn på søndagen, så eg tok ein dag heime, sjølv om eg hater å vere sjuk her. Kvar lærer skriver ned på ein lapp kva dei gjorde i klassen + alle leksene, så du får kjempemasse å ta igjen. Sjølv om det var første dagen etter juleferien satt eg sikkert i over to timer med leksene... I dag var eg frisk nok til å gå på skulen, men gjekk kva som skjedde.. Det var meldt fem centimeter snø, så vi hadde snødag! Haha, det er elsk :)
Er ikkje sikker kortid dette bildet blei tatt.. Trur Levi tok det då han var her. BTW fekk den jakken til jul ;)