Friday, July 24, 2009

Besøk på ambassaden, pluss div.

No er det alt for lenge siden eg har skrive noko her, men det har ikkje skjedd noko særlig av interesse...

Eg har alltid trudd det var kjempelenge til eg skulle reise, det har ikkje heilt gått opp for meg. Før no. Det er berre 24 alt for korte dagar til eg sender eit siste slengkyss til kjente og kjære og reiser over dammen! 24 dagar... Det er akkurat samme lengda som advent. Det er ingenting! Ein del av meg har kjempelyst å dra og vil helst at ventetida blir kortas mogleg, men ein anna del, som skriv vel så høgt, vil ikkje reise heilt endå... Hmm, veldig forvirrende, men eg forventar det blir verre etter som "julafta" nærmer seg...

I går kveld tog eg og broren min, Runar, nattoget til Oslo. Egentlig veldig greitt... God plass om beina, men litt vanskelig å sove i ein stol. Sov sikkert berre 2-3 timar tilsammen, men var merkelig nok ikkje trøtt når eg annkom Oslo S klokken 6.30 om morningen. Eg og Runar surra litt rundt på stasjonen, kjøpe oss ein baguett og ein liter melk, som vi åt på ein benk foran stortinget.

Når klokka nærmet seg 8, gjekk vi til den Amerikanske Ambassaden. Det stod berre 5-6 stykker i kø der, og vi visste ikkje heilt kva vi skulle gjere, så vi stillte oss opp på andre siden av gata og rekoniserte litt før vi stilte oss i kø x) Det var eit eller anna feil med sikkerhetssystemet så det tok litt meir enn ein halvtime før dei i heile tatt begynte å ta folk inn. Eg kom ikkje inn før ein time etter oppsatt tid... For å komme inn måtte ein gjennom ein sjekk som er nøyere enn den på flyplasser, en når ein først var inne tok det berre 5 min. Ein skulle berre levere inn passet og pengar, svare på to rutine spørsmål og ta fingeravtrykk. Heile ambassadebesøket virka egenltig ganske unødvendig. Den einaste grunnen til å møte opp personleg var å ta dei fingeravtrykka...