Saturday, October 31, 2009

Shorts og t-skjorte!

Eg elsker været her borte. I dag var det sol og 25 grader ute. 25 grader, og november om to dager! Spelte fotball etter skulen i shorts og t-skjorte =)

Siste amFotballkamp blei også spelt i dag, og vi blei knust av Irontown. Men skulen har hatt ein av dei beste sesongane på lenge, 6 vinn og 4 tap. Etter kampen kom Scott, Josh, Atlanta, Martin og Nathan på besøk, og vi har akkurat sett ein skrekkfilm.

Thursday, October 29, 2009

Amerikansk Geografi

Søndag var det kirke igjen. Har blitt ein rutine no, og det er ikkje like "nytt" som før. Vi åt ikkje lunch med den vanlege gruppen som vi pleier, men vi reiste rett heim. Greg hadde gjort klar ein "roast", ein slags biff, og latt den seinkoke heile natten... Det var kjempegodt. Søndag kveld reiste eg og Zach til ein i ungdomsgruppen i kirken, og vi grilla, kasta på ein amFotball, og koste oss.

Då eg kom til usHistory mandag blei eg fortalt vi skulle ha prøve onsdag :/ Men prøvene er latterlig lette, Eg forstår ikkje korleis folk klarer å få F. Det er kun multiple choice spørsmål, så ein må hugse smådetaljer, men ein får bruke notater, og dagen før prøven seier læreren kva som skal stå i notatene. Eg og Martin (svensk utvekslingsstudent) har fått best karakter på alle prøvene :P

Åå, på fredag snakka eg med Kelsey, jenten som sitt foran meg i usHistory, og vi kom inn på geografi. Eg spurte ho først om ho visste kor Japan låg og ho peikte i Sibir, og ho trudde Kina. For at ho skulle få i alle fall ein rett spurte eg om ho visste kor England var. Ho stirra lenge på kartet, før ho smilte og stolt peikte på Midtøsten x)

Onsdag hadde eg som sagt American History prøve. Eg hadde også ein framføring om James Frack fysikk. Vi fekk oppgåven for 9 uker siden, og eg begynte å øve på framføringen klokken 9 på tirsdag ;P Men det gjekk ganske bra trur eg.



Ein ting til.. Når du kommenterer, bruk ditt egent navn. Sant pappa? :)

Sunday, October 25, 2009











Tekst i forrige post ;)

Homecomming

Denne veka var det homecoming. Kvar skuledag hadde eit egent tema, på mandag var det "Get up and go", og folk gjekk i pyjamas til skulen. Tirsdag var "Twin day" og du kledde deg i nøyaktig samme klær som ein annen persen. På onsdag var det "dress-up day", og folk kom i rare kostymer og masker. Ein fyr hadde t.d. kledd seg ut som ein tann-fe. Torsdag hugser eg ikkje kva var, men fredag var "Spirit day", og folk kledde seg i skulefargane (Blå og kvit), hadde parykker, og malte ansiktet. Nokre kledde seg også ut som greske krigere.

Det har også vert avstemming om kven som skal vere Homecomming King, and Queen. I pausen til fotballkampen på fredag kjørte vinnerne rundt banen i ein cabriolet, og ein person holdt ein liten tale. På lørdag var sjølve homecomming, som egentlig berre er ein dans. Men folk pynter seg fint, og går ofte ut og eter på forhand. Eg var med nokre folk til "Texas steak house". Dei hadde ein av dei beste biffene eg har smakt. Eg hadde den minste biffen, men eg klarte så vidt å ete heile. Den var gigantisk! Sjølve dansen begynte 20.00 og varte til 23.00. Den var i gymsalen, som var pynta med store ballonger, blinkande lys, og eit stort musikkanlegg for anledningen. Musikken dei spelte var ikkje alltid den beste, men eg hadde det gøy :)

Eg var også og skaut på lørdag. Det var egentlig ein "boy-scout" ting, som Zach er medlem av, men eg fekk vere med. Zach måtte selge lodd eller noko sånt, så det var kun eg og Greg som reiste. Vi tok med 6 av Greg sine 18 våpen, ein halvauto halgle, ein Mosin-nagant, ein .22-mag rilfe, ein annen .22 rilfe, og ein .45 cal pistol, men vi brukte berre haglen og .22 riflen. Då vi kom til skytebanen, naboen sin bø, var det berre to andre vaksne der. Det skulle visst vere ein konkurranse mellom "boys-scout" så vi venta på at fleire skulle komme. Etter ein time var det berre komt tre andre unger og vi gadd ikkje å vente lenger.

Første del av konkurransen var leirdueskyting. Eg gjekk fram til stanplass og var litt nervøs. Eg har hørt kor vanskelig det er, og at haglen spenner kraftig, men det var kjempemorsomt. Eg traff 8 av 10 leirduer, og var bestemann. Neste del var salongrifle. Ein satt med eit bord og lente rilfen på bordet.. Det var ganske uvant, og eg traff ikkje så bra, men eg vant denne delen også x) Siste delen var å skyte på ein hjorte-blink. Ein brukte ein hagle med "slug", så istedenfor å skyte mange små projektiler skyter du ein kjempeklump av bly med haglen, ein kule lagde sikkert eit 1.5-2 cm hull i skiven. Geværet spennte kraftigere enn noko anna eg har skutt med, det var som nokon slo meg i skulderen med eit balltre. Men eg traff hjertet til hjorten og vant heile konkurransen. I premie fekk eg eit sett med ein lommekniv og diverse, pluss ein NRA-caps (National Rilfe Assosiation)

Thursday, October 22, 2009

Bilder!

Eg har endelig fått meg eit kamera! Bestillte det på nettet på mandag kveld, og det låg i postkassa i dag, torsdag :)
Her er dei første bildene:














Dei små svarte flekkene er marihøner. Det var mange fleire for eit par dager siden












Tuesday, October 20, 2009

Marihøneangrep!

I går reiste eg med familien til Marietta (15. min køretur). Der hadde dei utstilling av to fullskala modeller av skipa som Colobus reiste til Amerika med. Vi kom så seint at vi ikkje kunne komme ombord, men vi kunne sjå på dei frå kaien. Eg trudde dei skulle vere kjempestore, men dei var bitte små! Eg skjønner ikkje korleis dei klarte å leve i fleire måner på dei små skipene... Etterpå gjekk vi til CiCi's. Der kan du ete så masse pizza du vil for 30 kr :D

Eg fekk sjokk når eg kom heim frå skulen i dag. Heile veggen til huset var dekket av marihøner! Hundrevis av marihøner som kravlet rundt på huset. Når eg skulle inn måtte eg først børste døren så det ikkje skulle komme så mange inn..

Sunday, October 18, 2009

Denne veka var siste veka i Soccersesongen. Vi hadde tre kampen, mandag, tirsdag og torsdag. På mandag spelte vi mot Caldwell. Dei var så dårlege at eit 96-lag i Noreg sikkert kunne slått dei. Dei hadde ikkje nok spelarar til å stille med fullt lag eingong, så vi måtte spele med 9 stykk. På tirsdag spelte vi mot Athens, trur eg. På onsdag hadde vi ikkje trening pga det regnet x) Det var berre eit par dråper, men trenerne avlyste treningen likevell :P Torsdag var siste kamp, og eg klarte selvfølgelig å ta med meg utstyret. Heldigvis fekk eg tak i Lorie før ho reiste for å sjå på og ho tok det med. Då eg spelte, meide eg ein spelar ned i bakken, med skulder til skulder og fekk eit gult kort.

Fredag var det amFotballkamp. Warren spelte mot Logan, som er ranka nummer 6 i Ohio. Eg såg ikkje korleis det slutta, for vi gjekk halveis. Det var rundt 0 grader ute, og vi tapte uansett. Max, den tyske utvekslingsstudenten som er på besøk her, hadde ein "fest" for å sjå folk igjen, etter kampen. Eg var der heilt til 5 om ettermiddagen lørdag, tok ein rask tur heim, før eg reite til kjøpesenteret for å kjøpe klær til Homecomming, og for å sjå ein film.

Sunday, October 11, 2009

Cedar Point,


Cedar Point, tivoliet med dei største derg-og-dal-baner i verda. Og eg har vert der. Min "local Cordinator" (som også er faren til ein venn av Zach og vertsfar til Martin, den svenske utvekslingsstudenten) fekk besøk besøk av fjorårets utvekslingsstudent, Max, frå Tyskland. Han arrangerte derfor ein tur til tivoliet som ligg på ein øy i "Lake Eire" for meg, Zach, Max, Martin, Nathan, Mat, Scott og Atlanta.

Den største derg-og-dal-banen i Cedar Point har ein høgde på 130m og får ein fart på 190 km/t. Uheldigvis fekk vi ikkje tid til å prøve den. Då vi først skulle stille oss i kø, såg var det over to timer venting, så vi fant ut vi heller skulle prøve andre derg-og-dal-baner, og vente til køen var mindre. Då vi endeleg skulle stille oss i kø, hadde dei stengt banen. Men eg skal tilbake til Cedar Point til våren med dei andre utvekslingsstudentene, og då skal eg ta den!

Siden det er Halloween snart, var det strødd skeletter, gresskar, zombier, og andre skumle ting, rundt om i parken. Vi besøkte eit spøkelseshus, og det var faktisk ganske bra. Som i Gröna Lund, var det levende mennesker som gjekk rundt gangane, hoppa ut frå mørke kroker, og velta store kasser.

Vi reiste ikkje heim igjen før halv tolv om natta. Det er ein 4-timers tur frå "Lake Eire" til Belpre, og sjåføren måtte stoppe og sove i ein time, så vi kom ikkje heim før i 5-tiden. Alle utanom Atlanta, overnatta derfor hos Nathan. Då vi vakna i 11.30 spelte vi x-box for ein time, før vi reiste heim.



Wednesday, October 7, 2009

Skule, zombier og maling

No er det på tide med ein oppdatering. Har ikkje hatt tid/orket å skrive noko før.

Sist veke gjekk ganske vanleg.
7.15 Stå opp
7.40 Gå på skule'
15.30-16.00 Komme heim
17.15 Gå på trening
19.30-23.00 Heime igjen. Leike med Saidi, sitte på dataen, eller dulle rundt i huset x)
23.15 Sove :)

Eg har omtrent ikkje lekser her. U.S. history læreren, og engelsk læreren gir ikkje lekser. Viss eg jobber i fysikken blir eg ferdig med leksene i timen. Det er kun i PreCalc eg får lekser, og dei gjer eg i study hall.

På lørdagen reiste eg, Martin, Nathan, Scott, Atlanta og Zach på kino i Parkersburg og såg Zombie Land. Hehe, det var ein ganske vill film. Etterpå reiste vi til Nathans hus, og spelte x-box og gitar til 23. Søndag begynte som ein vanleg med kirken. Rett etter presten sa: "dissmissed", reiste eg til ein paintball-bane. Nathan Vincent frå fysikken hadde invitert meg med, og eg sa selvfølgelig ja.

Hmm, veldig dårlig skriven, men eg er trøtt så eg gidder ikkje fikse på noko. God natt :)