Sunday, November 29, 2009

Fransk og Thanksgiving

På onsdag hadde eg ein av dei morsomste timene her borte. Eg var på vei til "Study Hall" då eg møtte Levi i gangen. Eg snakka litt med han, og siden eg ikkje hadde nokon lekser, sa han at eg heller burde komme inn i fransk 3 med han. Fransklæreren var ein tynn gammel gubbe, men full a liv. Han trudde eg tok fransk, og siden eg var frå Europa trudde han eg var kjempegod, så eg fekk "æren" av å lese første paragrafen i ein tekst. Annsiktsuttrykket hans då eg begynte å lese var "priceless". Eg kom halveis gjennom avsnittet før eg blei stoppa, og han spurte høfflig om eg virkelig hadde fransk.

Torsdag var "Thanksgiving", stuff-your-face-day eller spis-så-masse-du-orker-og-litt-til-dag. Lorie brukte heile formiddagen på å lage forskjellige paier, rundstykker og andre godsaker, mens eg og Greg tok ein tur til kjøpesenteret for å få i hus dei siste tingene. I Kroger's fant eg tilfeldigvis ein scandinavisk avdelig :O Det var egentlig berre ein bitteliten hylle med mest svenske ting, men eg fant ein pakke ballerinakjeks som eg kjøpte.

Klokken fem reiste vi til foreldrene til Greg og hadde ein stor familiemiddag der. Eg kjente dei fleste igjen frå tidligare, men det var nokon nye fjes også. Det var ganske koselig, med god kalkun, gresskarpai og alt annet som hører til. Etter maten gjekk ungdommene inn på eit rom og spelte playstation :P

Monday, November 23, 2009

The Awakening

På torsdag reiste eg og Greg sammen med Erni, ein venn av Greg, til ein våpenbutikk ein god halvtimes kjøretur nord. Det var ein liten butikk, som var plasert i løa til eigaren, men den hadde eit stort utvalg av ammunisjon og våpen. Eg såg alt frå ekte russiske militærrifler frå 2. verdenskrig til kopier av moderne M16. Greg kjøpte noko pusseutstyr (For skyttere: Ein flaske Hoppes koster $3 her, rundt 20 kr :O) og noko greier til buen sin. Den egentlige grunnen til at vi reiste var for å skaffe meg ein jaktlisens. Eg gav opp navn, vekt, høgde og adresse, betalte 60 kr og eg fekk den! Eller det er ikkje ein fullverdig jaktlisens, men "apprentice" lisens, som betyr eg kan kun jakte sammen med ein voksen over 21 som har ein ordentlig lisens...

I helga var det "Awakening", ein kirketing der fult av ungdommer kjem sammen for å prise gud (Mange kom fleire timers kjøretur unna, nokon kom til og med frå andre stater). Men det er også ein konsert, ein tryllekunstner og ein stand-up komiker der. Det heile bokstavelig talt braka laus fredags kveld med noko folk flest kanskje ikkje forbinder med Kirken, eit skrikende metallband. Først begynte ein 17 år gammel trommis å hamre laus på eit trommesett, følgd av ein jamgammal gittarist og bassist. Plutselig hoppa ein liten, litt lubben 8 år gammal gutt ut på scenen og begynte å hoppe opp og ned og vifte med armene. Han tok ein mikrofon og begynte å synge/skrike. Det var utruleg, han hørtes ut som ein fjelløve x)
Eg tok ein liten film med kamaraet mitt, men kvaliteten er ikkje så veldig god...


Etter det kom det hadde ein komiker eit lite show, vi sang nokre salmer og ein entustiastisk fyr hadde ein laaang preiken. Alle dei som kom langveis frå måtte ha ein plass å bu, så lokale kirkefamilier åpna opp heimane sine og lot folk sove der. Vi tok inn fem gutter og tre voksne frå Colombus. Vi kom heim ganske seint så vi spelte litt PS3 før vi låg oss.

Lørdag starta 9.30 med at Brad frå vår youthgroup trommer. Etter det snakka komikeren i ein halvtime før Jake hadde ein liten preiken og delte salen i to grupper. Den eine gruppen gjekk til ein mindre sal der det var forskjellige boder og ein liten kafe, og komikeren hadde eit show. Den andre gruppen blei igjen i salen og hørte på ein fyr snakke og spele på ein gitar. Etter det var det lunch før alle blei samla i salen igjen. Denne gangen hadde Shawn McDonald ein liten konsert. Han var fantastisk! Fekk berre med meg eit par sekunder av han før minnekortet blei fyllt opp :(


Då Shawn var ferdig begynte "Main worshipping". Eg var der berre heilt i begynnelsen før eg reiste heim med Greg. Vi var heime i eit par timer, og Greg fiksa vaskemaskinen mens eg tok ein liten lur. Rett før vi skulle reise tilbake såg bestefaren 6 hjort i bakhagen. Vi gjekk opp til Justin sitt soverom, som har utsikt over bakhagen og venta for å sjå om ein bukk kom. Etter 45 min hadde det ikkje komt ein og vi gav opp. Vi gjorde oss klar til å gå tilbake til kirken, men eg tok ein siste titt ut vinduet, og der stod det ein hjort med fire tagger. Greg fant fram haglen og vi gjekk tilbake til Justin sitt rom og skaut den.

Då vi tilslutt kom tilbake til kirken var dei allerede begynt. Tryllekunstneren var 10 minutter inn i showet sitt, som var fantastisk. Eg satt og måpte etter triks etter triks, det var utruleg kva han fekk til. Då han var ferdig var det worshipping igjen. Vi sang ein haug med sanger, ein fyr preika om jesus og vi bad litt.

Eit fint bilde av Alexis B-)

Ein av folka som spelte

Tuesday, November 17, 2009

Pizza, ribbe og Camping

Har ikkje vert så flink til å skrive på bloggen i det siste, så eg må prøve å ta igjen litt no...
Eg husker ikkje heilt kva eg gjorde på torsdag, trur ikkje det var noko spesielt, men på fredag etter skulen gjekk eg til CiCi's pizza med Holly, Nathan, Lizzy, Derek (trur eg :P) og kjæresten hans. Det spesielle med CiCi's er at dei har ein et-og-drikk-alt-du-vil politikk. Og det koster berre rundt 40kr! ^^ Pizzaen deira er heilt grei, men dei har nokre fantastiske "Cinnamonrolls". Tenk ein slags skillingsbolle berre feitere, søtere, luftigere og masse bedre.

Eg hadde egentlig tenkt å gå til Mat's hus etterpå, men eg holdt meg heime siden vi skulle på Camping lørdag. "Boy Scouts"(omtrent det samme som Speidern i Norge) arrangerte turen, men eg fekk vere med likevell. Det var ikkje så mange som reiste, kun meg, Zach, Nathan, to andre boy scouts og tre voksne til å passe på :P Vi reiste opp til "Strip mines" ein snau time nord for Belpre. Plassen var tidligere ein kullgruve der dei istedenfor å grave eit hull ned til kullet like godt tok og fjerna heile fjellet som låg over det. Då dei var ferdige gjorde dei området om til camping og rekerisjons-(?) område.

Turen var heilt grei. Vi satt rundt bålet, grilla litt, spelte kort og gjekk oss nesten vill. Vi gjekk langs ein godt oppmerka mountainbike sti. Vi kom over ein bakketopp og pluttselig var stien vekk. For ein eller annen grunn bestemte vi oss for å fortsette for å sjå om vi kunne finne stien vidare, og vi kom eit godt stykke inn i skogen før vi snudde og heldigvis fant veien tilbake. Vi spelte "spadame" med litt rare regler ein stund, før eg lærte dei "presidenten". Eg trur dei fleste likte det, eller kanskje dei berre lata sånn for å vere høflig, utenom den eldste av dei voksne som gjekk og satt seg med bålet etter første runden. Må berre nevne grillribben til slutt. Den var litt svidd på eine siden, og resten var stort sett rå. Det låg ein blodpøl igjen på fatet då eg trykka på den, og det var eit par plasser som var heilt kalde. Heldigvis var resten av maten god, særlig den grilla laksen. Følte meg nesten som i Norge igjen :)



"The Big Bucket" - Ein bøtte som blei brukt for å fjerne jordlag

"Bøtten" har blitt brukt til meir enn berre fjerne jord x)

Plassen vi campa. Vannvivået var rekordlavtNathan og Zach

Monday, November 16, 2009

Powderpuff Cheerleading

Onsdag 11. november var "Veteran's Day". Vi hadde overnatta hos Josh. Dei andre gjekk ganske tidlig, men Zach hadde ein tannlegetime 12 så eg og Josh spelte wii til han var tilbake. Om kvelden var det Powderpuff kamp. Mens jentene varma opp til å spele fotball gjekk cheerleadergruppen (Meg, Scott, Nathan, Martin, Josh, Zach og Levi) raskt over programmet. Plutselig fant ein eller annen ut at vi skulle øve inn eit pauseprogram der og då. Heldigvis, til tross for dårlig tid, blei det ganske bra :P Det var ikkje så veldig mange som kom for å sjå på, kanskje 100, og det var iskaldt, men vi hadde det morsomt.
Cheerleader utstyret.Nathan, Scott, Martin, Josh, Levi, Zach og meg

Josh og Martin





Siste del av pauseinnslaget!

Thursday, November 12, 2009

Fisk og den stygge sannhet

Då eg og Zach kom heim frå skulen på mandag, møtte vi Greg i oppkjørselen. Han hadde fiskestenger i bagasjerommet og var på vei til ein demning i nærleiken av Marietta. Zach ville ikkje vere med, men eg hoppa over i bilen til Greg. Vi plukka opp ein annen fyr (navnet hans ligg bak i hodet, men eg klarer ikkje å huske det :S) og kjørte vidare på nokre småveger til vi kom fram til demningen. Vi klatra ned ein bratt steinskråning, fant den rette fiskesluken og begynte å fiske. Fiskekroken var litt spesiell. Først festa vi ein vanlig J-krok med eit lodd på, til snøret. Derretter tredde vi ein gummimakk på J-kroken... Men det fungerte bra og eg og han andre fyren fekk tre fisk mens Greg fekk fem. Vi kasta ut seks av fiskene igjen for dei var ikkje god matfisk. Noko anna som var spesielt, og litt barbarisk syns eg, var då vi fekk ein fisk vi skulle beholde. Vi drap den ikkje, men tredde ein spesiell krok gjennom munnen til den så den ikkje kunne sleppe unna og kasta den ut i vatnet igjen.

På tirsdag var eg først på filmkveld hos Holly. Vi såg "The ugly Truth", ein ganske morsom film. Etter det reiste eg til Josh sitt hus der Zach, Martin, Nathan og Scott allerede var, og overnatta der. Det var Veteran's Day på onsdag og vi hadde fri :D



Sunday, November 8, 2009

Trange magegensere, kiddnapping og marshmallows

På onsdag kom Josh bort til meg i lunchen og sa: "Oh, by the way. I signed you up for powderpuff Cheerleading. Practice tomorrow right after school, be there!" Powderpuff går ut på at jentene speler fotball og gutten cheerleader. Josh fant ut at det var ein god ide å drite seg ut foran heile skulen, men for å ikkje vere åleine meldte han på åtte andre folk også. Vi hadde første trening på torsdag. Eg hadde ikkje store forhåpninger, men det var morsomt. Eg trur cheerlederen som trente oss var ganske lei på slutten.

På fredag gjekk eg på kino med Atlanta, Martin, Nathan og Zach. Vi såg den nest værste filmen eg har sett, "The 4th kind". Den handla om kiddnapping av romvesen, og brukte så kalla "real fotage" for å gjere det realistisk, men det blei berre teit.

På lørdag var eg først i ein begravelse. Det var omtrent som den begravelsen i Norge eg var med på, presten snakka om at folk ikkje kunne leve uten gud osv. Den eineste forskjellen var at lokket til kisten var åpen og dei begravde ikkje han under sermonien. Då eg kom heim skifta eg raskt klær og gjekk på ein fest/bursdagsbesøk. Eg kjennte egentlig ikkje ho som hadde bursdag, men kjente dei fleste andre der. Vi var ute og hadde eit stort bål og grilla. Plutselig kjente eg noko traff meg i bakhodet. Eg snurra rundt og såg ein marshmallow ligge på bakken og Daniel som prøvde å holde tilbake eit smil. Eg marshmallowen tilbake og traff ein annen fyr. Til slutt utarta det seg til ein fullskala marshmallow krig, alle mot alle.



Cheerleader drakten min. Den er så trang eg så vidt klaer å ta den på og av x) Kjem bedre bilder seinere, så berre å glede seg


Hahah, tenkte eg også skulle dele været her borte med dykk (p.s. 70 Fahrenheit = 21 cecicus):
Mon Sunday
Partly Cloudy Partly Cloudy
70° 75°












Monday, November 2, 2009

Trunk or Treat?

Ja, du leste rett, "Trunk or Treat". Eg er ikkje heilt sikker på om det er berre noko den lokale kirken har funne på eller om det er vanleg her borte, men kirken hadde det i alle fall i går. Dei som ville dekorerte bagasjerommet/Bilen i Halloween tema og små unger kledde seg ut og gjekk "trunk or treat". Hehe, dette var sikkert noko av det mest amerikanske eg har vert med på :P Då alle ungane hadde fylt opp bæreposene sine til bristepunktet, gjekk vi inn og åt "Chilli". Det er ein slags kjøttgryte med tomat, bønner og litt andre ting eg ikkje har lyst å vite kva er. Men det er kjempegodt! Etterpå gjekk eg til Brad sitt hus sammen med nokon andre folk frå kirken og var der for eit par timer..

Dette var ein av dei beste bileneYouth minister Jake sin bil. Hehe, han er ein artig fyr

Dei fleste bilene.. Det var sikkert 15-20 biler

"Vår" bil.. Fake spindelvev og gammal mais :P

Gresskar :)Haha, dette er den morsomste bilen :P

Sunday, November 1, 2009

Halloween!


Då har eg opplevd Halloween i USA også... Det er egentlig ikkje sånn eg hadde tenkt det skulle bli. Eg gjorde ingenting spesielt, og det kunne egentlig vert ein heilt vanleg lørdag. Søsteren til Lorie kom på besøk frå Michigan, og vi var i eit familiebesøk. Vi åt kalkun, søtpotet, ein slags brokkolistuing, og gresskarpai. Det smakte kjempegodt. Gresskarpaien smakte litt som pepperkaker, og kalkunen var ikkje tørr i det heiletatt.

Om kvelden var eg på Kino med Holly og Kelly. Daniel skulle egentlig vere med, men han kunne ikkje... Vi såg "Paranormal Activity" (har den komt ut i Norge?), ein litt spesiell skrekkfilm. Den er filma som ein amatørdokumentar, men det fungerer ganske godt. Eg blei ikkje så skremt, men dei fleste var "freaked out" :P