Monday, June 8, 2009

Infomøte?

Var på infomøte med Explorius i Drammen i helga. Det tok ALDRI slutt. Akkurat når eg trudde dei skulle slutte det av, berre fortsatte det. Kom der halv 10 og var ikkje ferdig før over 5... Lærte omtrent ingenting, alt har blitt sagt før...

Alle studentene som skulle til USA måtte ha ein SLEP-test for å vise engelskkunskapene sine. Det er ein test amerikanske styresmakter krever at alle utvekslingsstudenter tar, til og med dei som kjem frå Englad (Skyt meg viss eg har feil) :P Den gjekk egentlig ganske greit. SYKT lette spørsmål til begynnelsen, men det blei tøffere etter kvart.
FKS. det var bilde av ein katt under ein bil så skulle du krysse av på rett setning:
a) The cat is jumping.
b) The cat is on a roof.
c) The cat is under a car.
d) The cat is on a sofa.

Etter det var eg på personlig intervjue med ei frå Explorius, Eva Hermansen. Dette er igjen noko amerikanerne krev... Her blei det stilt omtrent samme spørsmål som utvekslingsstudenter burde vere vant med: Kva gruer du deg til, Kva gler du deg til, kva blir utfordrene osv....
Det som var utruleg var at Eva kjente meg! Eg har aldri snakka med ho før eller noko, men ho kom bort til meg og sa: "Hei Bjørnar, skal vi ta intervjuet no?" :O
Når alle var samla kom det eit spørsmål og Kathrine sa: "Ka lurer du på Cecilie?".... Hmm, imponerende! Lurer på om Dei har sett på bilde og pugga navnet på alle elevene :P