Monday, September 21, 2009

Helg!

Helg igjen! Syns vekene går ekstremt fort. I dag er det akkurat ein måne sidan eg satt beina mine i Ohio. På fredag skaut eg og vertsfar med ein halvauto .22 bak i hagen. Det var kjempegøy :P Etterpå var det stor amFotballkamp mot Marietta. Denne kampen blei rekna som den viktigaste i heile år. Då meg og Zach svingte inn på parkeringsplassen ein halvtime før "Kick off" var parkeringsplassen allereie full som ein pakke hjelpestikker. Vi måtte ut i hovedvegen igjen og parkere med restauranten som ligg 350m frå stadion. Før kampen starta gjekk alle studentene ut på bana og lagde ein tunell som fotballspelarane sprang gjennom. Det var ein stakkars som snubla og han blei nesten trampa ned.

Kampen var ganske spennende, men eg syns det er litt masse venting i amFotball generelt... Kvar gong fyren som har ballen blir takla stopper dei spelet og stiller laga opp på nytt. Det tar sikkert 2 min før alle har funne posisjonen sin. Dei speler i kanskje 20 sekund før det stopper opp igjen...

Vi vant kampen, for første gong mot Marietta på 7 år. Etterpå var det besøk hos Nathan. Meg, Atlanta, Martin (svensk utvekslingsstudent som bur hos Nathan) og Zach var der. Poenget var egenltig å møte ein Kinesisk utvekslingsstudent som bur midlertidig hos Nathan, men han berre holdt seg for seg sjøl og snakka kinesisk på pc-en sin. Neste dag fekk eg og Zach vere med Nathan og familien, og sjå på Varsity Soccer laget spele. Kineseren var ikkje med. Han skal bu hos ein annen fyr som har erfaring med asiatiske studenter for å lære engelsk. Han har så store problemer med språket at eg ikkje skjønner korleis han har komt inn i landet. Det går ikkje ann å ha ein samtale med han. Det er litt vanskeleg å vite kor mykje han forstår, for han seier alltid han forstår viss du spørr han, sjøl om det er klart han ikkje gjer det, men eg trur ikkje han får med seg meir enn 5-10% av det du seier...

Om kvelden lørdag reiste eg, Zach og Scott ut til nokon Jenter dei kjente. Trur det var to søstre, ho eine går på Warren, mens ho andre går på College. Det var nokre andre der også, for dei hadde vert i eit bryllup eller noko. Vi såg ein film, åt kake og snakka... Det var ganske gøy.

Søndag var det Kirke igjen. Trur det var den kjedeligaste gongen sidan eg kom her. Etter kirken hadde vi lunch sammen med nokre folk der i frå. Det er noko vi pleier å gjere kvar gong. Om dagen gjorde eg litt fysikk, før eg og Zach reiste tilbake til Kirken rundt 6 for ungdomsgruppen. Vi spelte bordtennis, sånn fotballspel, åt pizza, hadde det sosialt, og koste oss, før vi leste litt frå bibelen på slutten.

6 comments:

  1. Du har vel aldri sett så mykje sport på ein gong før og heller ikkje hatt så mykje kristeligaktivitet?:P Du kjem sikkert heim som superkristensportsidiot!:D

    ReplyDelete
  2. Haha, trur ikkje det x) Har ikkje følt ein stigende trang til å bli døpt enda, heller det motsatte :P

    ReplyDelete
  3. Hei! Fant bloggen din nå, og det er utrolig gøy å lese ;) Kanskje også spesielt fordi jeg også reiser til USA med Explorius.

    ReplyDelete
  4. Storklem frå oss på Lie! Ser for oss deg i kirkegruppa! :-D

    ReplyDelete
  5. @Anonym 2:
    Det er bra noen liker den ;) Er du i Usa no, eller skal du reise? Berre å adde på Fjesboken også :)

    Snart kjem det ein stooor oppdatering av tur til Niagra Falls! Viss de er heldige kjem det kanskje eit par bilder også :)

    ReplyDelete
  6. Jeg skal reise ;) Ha et fortsatt supert år i USA! :)

    ReplyDelete