Fredag trimma eg av thanksgiving-fettet med ved-kløyving. Det var egentlig ikkje hard i heile tatt. Greg hadde lånt ein kløyvemaskin og kubbene var allerede kutta opp. Det einaste vi måtte gjere var å kløyve dei med maskinen og kaste dei opp i ein pick-up truck.
Lørdag spelte eg paintball med Nathan Vinent, ein fyr frå fysikken, og to andre folk. Vi var dei einaste som var på banen utenom tre andre som gjekk etter ein halvtime, men vi hadde det kjempegøy. I ein runde blei lagkameraten min skutt, og eg var aleine mot to. Eg dukka opp bak ein høyball, såg ein maske og skaut. Eg traff i masken rett over munnen, fyren falt ned og begynte å rulle. Uheldigvis var det min egen lagkamerat som stod og såg på.
Lørdag kveld kom mellomste broren til Zach, Justin, på besøk sammen med konen sin. Dei hadde feira thanksgiving hos foreldrene hennar, men overnatta hos oss på veien tilbake til Arkansas. Dei hadde med seg hunden sin, så ho og Saidie løp rundt over heile huset resten av kvelden.
Søndag var det kirke igjen om morningen, før vi reiste heim og hadde ein fantastisk "roast" av hjort. Eg er ikkje heilt sikker på kva det er, men det er ein slags steik som har blitt kokt. Om kvelden reiste eg og Zach til Brad og spelte x-box sammen med Eirik, Paul og Collin.
Mandag var første dag for hjortejakting med skytevåpen (hagler med slug/munnladingsvåpen/pistoler, men rifler er forbudt). Siden så mange elever på Warren går ut på jakt, og ville ha skulka viss det var skule fekk alle fri. Eg og Greg stod opp 6 om morningen, tok på kamuflasje og reiste ut i skogen. Det regna, men Greg hadde ein paraply han kunne feste rundt eit tre så eg holdt meg relativt tørr. Vi satt der fram til 12 uten å sjå annet enn ekkorn, så vi reiste heim, tok ein matbit, og tørka opp. Rundt to reiste vi ut igjen og satt fram til fem. Såg ein hjort denne gangen, uheldigvis var det berre rompen og den forsvant inn i buskene etter mindre enn to sekunder. Uansett var det ganske spennende, og tiden gjekk bemerkelsesverdig fort.
7 years ago
No comments:
Post a Comment