Monday, May 10, 2010

Meir av Arkansas


Utsikt over Saint Louise


Knøttelille heisen som går opp til toppen



Eit rådhus eller noe...




Greg og Lorie sammen med to av kusinene til Zach


Då vi endelig tok heisen opp i toppen av the Arch, kunne vi sjå utover heile Saint Louise. Vi brukte ein knapp time på å sjå ut dei knøttsmå vinduene og ta bilder. Då vi kom ned på bakkenivå igjen var det ikkje tid til å gjere noe annet, så vi reiste heim til tanten til Zach igjen. Fredags morning blei brukt på å reise til Sercy, Arkansas. Då vi kom fram rundt 13.00, reiste vi rett til Harding University. Det er skulen som Justin og Chris har gått/går på, og Zach har tenkt å søke til. Vi gjekk og såg oss litt rundt på campus, og eg og Zach gjekk til ein programmerings time for å sjå korleis det var. Då vi var ferdig reiste vi til Justin og Chris sine hus (dei bur tre gater frå kvarandre) for å pakke ut før vi reiste tilbake til universitetet om kvelden. Elever hadde satt sammen ein stor konsert, og hadde konkurranse om å ha det beste showet.

Neste dag blei eg vekt klokken 7 om morningen av Greg, Justin og ein venn av Justin for å reise på fisketur.  Vi fekk ingenting, berre eit par napp, men det var koselig å berre drive ned ein elv i ein båt. Søndag gjekk vi i kirken, var omtrent som i Belpre. Berre litt andre sanger og litt kortere. Då vi hadde ete lunch reiste vi til ein innsjø med 35 feet høye klipper for å bade. For å beskrive Justin kan du sjå for deg ein fyr som frivillig tar saltoer frå 35 feet og du har han. Tipper det var 18 grader i vannet, men alle klaga over att det var så iskaldt!

Mandagen blei brukt på den 14 timer lange turen heim igjen.

1 comment: