Saturday, September 12, 2009

Fortsettelse

Etter gjestene var gått kjørte meg, Josh og Zach bort til soccerbanen og spelte litt sammen med Matt. Etterpå reiste vi til Hickary Groove (bensinstasjon/matbutikk/kafe) og kjøpte drikke før vi kjørte heim.

Tirsdag var vanleg skuledag utan noko interresant. Fekk fri dei to siste timene for vi skulle spele soccer kamp. Måtte reise i 2 timer før vi kom fram, men vi kjørte sånn gul skulebuss :) Vi spelte ganske bra, men det blei uavgjort. I fysikk fekk vi igjen prøven. Fysikktimene er foresten ganske lette... Læreren snakker litt, vi gjer nokre oppgåver og speler dart og et kjeks som læreren selger for 25 cent pr. pakke.

Onsdag var også vanleg dag, berre med 1 hour delay, som betyr eg kan sove lenger! :D

I dag hadde vi prøve i amHistory. Det var latterlig prøve! Kun multiple choice spørsmål, ingenting du måtte tenke på. Er litt usikker på korleis det gjekk, for ein måtte hugse detaljer og det var ikkje eg forberedt på. Eg er vandt med at ein skriv ein lang utgreiing om noko, og detaljene ikkje speler noko rolle. Då eg kom heim åt eg litt mat, og gjorde meg klar til soccertrening klokka fem. Etter den reiste vi og såg på amFotball. Var med Josh, Atlanta og Zach til ein restaurant etterpå og åt mat før vi reiste heim.

Friday, September 11, 2009

Familiebesøk

Den siste veka har vert ganske normal... Mandag var Labor dag (= Fri :D). Då eg stod opp halv elleve gjekk eg ned på kjøkkenet, der Greg allerede styrte på med å lage "pickles", agurk i skiver, på glass, sammen med eddik trur eg... Det ligner litt på sylteagurk. Agurken kjem frå ein stor kjøkkenhage Greg har planta i hagen. Der veks det gigantiske tomater, ser nesten genmodifiserte ut :P Agurker, ein liten maisåker, Vannmelon og honningmelon(!), potet, bønner, turnips og litt til.

Utanfor mellom badebasenget og huset var det satt opp eit lite partytelt. Eg spurte greg om det og han sa vi skulle ha eit familiebesøk. Eg hjalp til og tørka litt støv før dei første gjestene kom klokka 1. Det var besteforeldrene. Etter kvart kom det nokre tanter og onkler med barn. Josh(Ein venn) kom også, han er visst fetteren til Zach eller noe... Vi spelte litt Wii, åt grillmat og bada. Det var ganske gøy og eg blei i alle fall kjent med nokon frå "Slekta"

Fortsettelse følger. (Har ikkje tid til å skrive meir, skal på Soccertrening og etterpå sjå på amFotballkamp)

Monday, September 7, 2009

Pluss ein vill video

Veldig daarlig kvalitet paa denne her, men viss du ser noeye etter ser du ein traktor som kjoerer paa to hjul bortover banen! Skal sjaa om eg faar tak i ein bedre video seinere.

Bilder!!

Endelig faat mobilen til aa funke, saa her er nokon random pics :)


Greg Kirk (Vertsfar) etter hagearbeid. Veldig koselig mann.


Ein del av hagen, med Sadie. Tenk kor lang tid det tar aa klippe graset!


Tractor pulling. Utruleg kor mange som saag
paa det...


Inne i dyrehallen. Konkuranse om den beste kua.




Sadie: Stor, barnslig og kjempesoet.


Skjeivt bilde av Scott, paa bussen tilbake fraa
soccerkamp.

Sunday, September 6, 2009

Tractor Pulling!

Etter vi hadde vert på Buffalo Wild Wings Bowla vi. Eg slo til med ein omgang på 105, men blei grust av Levi som fekk 150 eller noe! Då vi kom heim reiste vi til Washington Conty Fair. Ein "Fair" er ein blanding av tivoli, sirkus, marked, dyreutstilling, gardsmesse. Det var eit par karuseller der, den gøyaste var "The Egg Scrambler". Eit slags parisarhjul, berre at den gjekk mykje raskere og vognen du satt i snurra rundt. Nathan, ein venn av Zach som har ein utvekslingsstudent frå Sverige, hadde med seg ein ku han viste fram i ein konkuranse :P Eg forstod ingenting av det, men trur han fekk andreplass.

Eg trur dei fleste syns at sjølve "fairen" var ganske kjedelig, men alle kom for å vere sosial. Eg snakka med litt forskjellige folk, men var mest med "gjengen" til Zach. Det kulaste der var "Tractor pull". Blodtrimma traktorar kjempa om å dra ein spesiallagd vogn, lengs mulig. Det var ganske villt! Det var blant anna ein traktor som tok fyr og ein anna der akslingen knakk tvers av. Eg har dessverre ikkje film av det, men har film av nokre andre. Skal legge dei ut seinare når eg får mobilen til å koble seg til dataen...

Saturday, September 5, 2009

Rask og liten oppdatering

I går var det vanleg skuledag. Hadde allerede prøve i fysikk, men eg trur det gjekk greitt... PreCalc (Matte) Er lett forløpig. Holder på med ting vi gjorde i 10. klasse heime, men det skal visst bli værre. Då eg kom heim, åt eg ein sandwich og gjorde meg klar til soccer-trening. Det var ein av dei kjedeligaste tingene eg har vert med på. Vi sprang ein runde rundt Cross-Country løypa og så snakka trenaren i 1.5 timer om plasering på banen! Han var ganske sur etter at vi tapte 0-3 dagen før...

Om kvelden kom Levi på besøk og overnatta. Eg skriver ganske kort no, for vi skal snart kjøre til Parkersburg, gå på Buffalo-wild-wings, ete kyllingvinger og sjå på fotball.

Thursday, September 3, 2009

Liten oppdatering...

No er det på tide med ein oppdatering. Ligger no to veker på etterskudd med bloggen, men har ikkje hatt tid/orket å skrive...

Dagen etter eg kom her reiste vi til Parkersburg, ein by på 33000 som ligg rett over grensa til West Virginnia. Kjøpesenteret er heilt greit og har det meste frå kles- til elektronbutikker. Vi gjekk til mobilbutikken så eg kunne få meg ein amerikansk mobil. Sjølv om det berre var fem foran oss i køen venta vi i over ein og ein halv time! Det tok ekstremt langt tid før vi slapp til. Eg blei med familieabbonemanget og fekk meg ein telefon for $20. Eg betaler berre $10 i månaden, med unlimited texting til alle. Då vi var ferdig åt vi, og eg kjøpte meg ein shorts. Eg trudde ikkje det skulle vere så varmt her, derfor eg tok berre med meg 2 shorts, men det er 30 grader kvar dag så ein bruker ikkje vanlege bukser på ein stund...

På mandagen reiste eg og Zach (vertsbror) til skulen så eg kunne melde meg på dei faga eg skulle ha. Selfølgelig var studierådgiveren i eit møte og vi fekk beskjed om å komme igjen tirsdag. Om kvelden var eg på eit møte for utvekslingsstudentene i området. Vi fekk berre info vi visste frå før som "ikkje alkohol, dop, røyk, ver åpen for forandringar osv." Etterpå åt eg og Greg (Vertsfar) det mest amerikanske du kan få: Drive-in på Mc Donalds!

Tirsdag kom eg til skulen som avtalt. Igjen var rådgiver i eit møte, og igjen blei eg fortalt å komme tilbake neste dag. Då eg kom til skulen neste dag kan du gjette kor rådgiveren var. I eit møte. Men no blei eg fortalt å komme tilbake klokken 13.30 for då skulle ho garantert vere på kontoret. Klokka 14.00 blei det endeleg printa ut ein timeplan med "Bjornar" på.

1. Athletic fitness (Høres veldig fint ut, men som eg har erfart er det berre eit anna navn på Weightlifting)
2. English
3. American History
4-5. Physics
6. PreCalc (matte)
7. Study hall (Time der ein gjer lekser)
8. Photography

Første skuledag var... Kjedelig. Eg gjekk til timene, hørte på læraren snakke om klasseromsregler, korleis faget er lagt opp, og gjennomgang av pensumsliste. Det morsomste var då lærarane hadde navneopprop:
Matt
Carol
Chris
...
Ehmm
...
Bb
..
Ehmm
...
No, I can¨t say this!

Eg venter fortsatt på at nokon klarer å sei navnet mitt rett :P

Eg hugsar eg var ganske nervøs då Zach parkerte utanfor skulen. Eg visste eg ville møte 900 ukjente annsikter, men ingenting om kva dei ville tenkte eller korleis resten av dagen/året ville bli. Neste skuledag, fredag var ganske lik. Sommertrøtte lærarar gadd ikkje starte noko undervisning heilt enda, og snakka berre laust og fast om alt mogleg.

Skulen her er streng. Viss du blir sett med ein mobiltelefon blir den tatt inn og foreldra må hente den. Uansett om det er i ein time, friminutt eller lunch. Med ein gong den skjerande klokka ringer blir gongane fullt av svette tennåringer som kaver seg fram til neste time. Ein har berre 3 min på seg til å komme seg inn døra til neste klasserom. Viss ein ikkje har klart det får ein ein merknad, sjølv om ein er to sekunder for seint! Tre merknadar og ein får "detention". For å gå på do i ein time må først læraren skrive i ein bok alle elevane har om at ein har fått lov til å gå ut. Viss ein ikkje har boka med seg, får ein gå, men du får minuspoeng i faget.

På ein og samme dag klarte eg å bli tatt med mobiltelefon, komme for seint til ein time, og glømme boka til ein anna time. Eg berre smilte fint og sa "Em, I didn¨t know, I¨m from Norway" og eg slapp unda alt sammen.