Friday, July 24, 2009

Besøk på ambassaden, pluss div.

No er det alt for lenge siden eg har skrive noko her, men det har ikkje skjedd noko særlig av interesse...

Eg har alltid trudd det var kjempelenge til eg skulle reise, det har ikkje heilt gått opp for meg. Før no. Det er berre 24 alt for korte dagar til eg sender eit siste slengkyss til kjente og kjære og reiser over dammen! 24 dagar... Det er akkurat samme lengda som advent. Det er ingenting! Ein del av meg har kjempelyst å dra og vil helst at ventetida blir kortas mogleg, men ein anna del, som skriv vel så høgt, vil ikkje reise heilt endå... Hmm, veldig forvirrende, men eg forventar det blir verre etter som "julafta" nærmer seg...

I går kveld tog eg og broren min, Runar, nattoget til Oslo. Egentlig veldig greitt... God plass om beina, men litt vanskelig å sove i ein stol. Sov sikkert berre 2-3 timar tilsammen, men var merkelig nok ikkje trøtt når eg annkom Oslo S klokken 6.30 om morningen. Eg og Runar surra litt rundt på stasjonen, kjøpe oss ein baguett og ein liter melk, som vi åt på ein benk foran stortinget.

Når klokka nærmet seg 8, gjekk vi til den Amerikanske Ambassaden. Det stod berre 5-6 stykker i kø der, og vi visste ikkje heilt kva vi skulle gjere, så vi stillte oss opp på andre siden av gata og rekoniserte litt før vi stilte oss i kø x) Det var eit eller anna feil med sikkerhetssystemet så det tok litt meir enn ein halvtime før dei i heile tatt begynte å ta folk inn. Eg kom ikkje inn før ein time etter oppsatt tid... For å komme inn måtte ein gjennom ein sjekk som er nøyere enn den på flyplasser, en når ein først var inne tok det berre 5 min. Ein skulle berre levere inn passet og pengar, svare på to rutine spørsmål og ta fingeravtrykk. Heile ambassadebesøket virka egenltig ganske unødvendig. Den einaste grunnen til å møte opp personleg var å ta dei fingeravtrykka...

Monday, June 8, 2009

Infomøte?

Var på infomøte med Explorius i Drammen i helga. Det tok ALDRI slutt. Akkurat når eg trudde dei skulle slutte det av, berre fortsatte det. Kom der halv 10 og var ikkje ferdig før over 5... Lærte omtrent ingenting, alt har blitt sagt før...

Alle studentene som skulle til USA måtte ha ein SLEP-test for å vise engelskkunskapene sine. Det er ein test amerikanske styresmakter krever at alle utvekslingsstudenter tar, til og med dei som kjem frå Englad (Skyt meg viss eg har feil) :P Den gjekk egentlig ganske greit. SYKT lette spørsmål til begynnelsen, men det blei tøffere etter kvart.
FKS. det var bilde av ein katt under ein bil så skulle du krysse av på rett setning:
a) The cat is jumping.
b) The cat is on a roof.
c) The cat is under a car.
d) The cat is on a sofa.

Etter det var eg på personlig intervjue med ei frå Explorius, Eva Hermansen. Dette er igjen noko amerikanerne krev... Her blei det stilt omtrent samme spørsmål som utvekslingsstudenter burde vere vant med: Kva gruer du deg til, Kva gler du deg til, kva blir utfordrene osv....
Det som var utruleg var at Eva kjente meg! Eg har aldri snakka med ho før eller noko, men ho kom bort til meg og sa: "Hei Bjørnar, skal vi ta intervjuet no?" :O
Når alle var samla kom det eit spørsmål og Kathrine sa: "Ka lurer du på Cecilie?".... Hmm, imponerende! Lurer på om Dei har sett på bilde og pugga navnet på alle elevene :P

Tuesday, May 12, 2009

Avreisedato! (Pluss litt frustrasjon)

Endelig har eg fått plaseringsdokument. 16 dager etter eg fekk kontakt frå vertsfamilien for første gang!! Jaja... Sist onsdag sendte eg ein e-post til Kathrine og spurte om brevet, men ho sa at ho ikkje hadde fått noko informasjon frå ICES og at ho skulle ta kontakt med dei. Så det har ingenting med Explorius å gjere, men organisasjonen i USA... Eg veit dei har vert treige med å sende plaseringsdomumentet til andre før også. Dei burde skjerpe seg.

Uansett, om 98 dagar, eller 3 månadar og 6 dagar, sitt eg og skjelv på eit fly over atlanteren! Skal reise mest sansynleg 18. august =) Eg veldig fornøyd, ikkje for tidleg og ikkje for seint. Eg var litt redd for at eg ikkje fekk med meg Landsskyttarstemnet 1-8 august, men det får eg altså no ;)

Tenkte eg skulle ta med ein film frå Youtube denne gongen. Eg blir berre så glad kvar gong eg ser den og får lyst til å reise rundt i vera med det same.
Enjoy! =) (Sjølv om mange har sikkert sett den før)

Edit: Pass på å sjå den i HD-format ;)

Thursday, April 30, 2009

Godkjenning av året! =)

Jess, no har eg snakket med Zach og han sa at skulen hadde AP physic, AP chemestry, og Pre Calc... Det er dei fagene eg treng for å få året godkjent! (trur eg :P) Må snakke litt med rådgiveren, men dette betyr at eg mest sansylig får året godkjent =D

Wednesday, April 29, 2009

Vertsfamilien

Eg har no fått ein e-post av min framtidige vertsfamilie.

Neste år skal eg tilbringe heilt sør i Ohio på grensen til West Virginia. Familien består av Lorie (mor), Greg (far) og Zach (sønn på 16). I tillegg har familien to andre søner på 22 og 24. Han eldste jobber med å ta ein master-grad på eit universitet i Searcy, Arkansa. Justin (han på 22) held på å ta ein Batchelor-grad i Computer Science ved samme universitet.

Greg jobber som It-tech i Washington. Nei, det er ikkje Washington DC, men ein bitteliten plass i West Virginia. Eg og blei lurt i begynnelsen av det der... Lorie jobbar som sjukepleiar for ein gastroenterologist (mage- og tarmspsesialist?) i Parksburg, WV)
Dette er familien. Frå nede til venstre - Zach, Justin, Greg, og Chri. Oppe til venstre er JoAnna (Justing sin kone), Lorie og Elisabet (Chris sin kjæreste)



Bilde av Parksburg, WV. Dette er den 3. største byen i WV med 33 000 innbyggare og ligg 20 minuttars køyring frå der eg skal bu.

Eg skal gå på Warren Local High School. Den ligg berre 5 minutters køyring frå huset til vertsfamilien. Skulen har ca. 900 elevar og kan by på følgjande sportar: Football, Soccer (Girls & Boys), Baseball, Softball, Volleyball, Basketball (Girls & Boys), Track and Field (Coed), Cross Country (Coed), Golf, and Wrestling.


Det er all info eg har til no. Kan leggje ut når eg veit meir :)

Tuesday, April 28, 2009

Første innlegg i bloggen

Dette blir mitt første innlegg i bloggen om mitt liv som utvekslingsstudent USA 2009/2010

No sitt eg i sofaen heime med laptopen på fanget og tenkjer det berre er 4 månader til eg er i USA. Det er litt rart, og eg har ein blanda følese av skrekk og fryd.

Eg slengar snart ut litt info om vertsfamilien og bilete viss det er greit for dei...