Sunday, October 11, 2009

Cedar Point,


Cedar Point, tivoliet med dei største derg-og-dal-baner i verda. Og eg har vert der. Min "local Cordinator" (som også er faren til ein venn av Zach og vertsfar til Martin, den svenske utvekslingsstudenten) fekk besøk besøk av fjorårets utvekslingsstudent, Max, frå Tyskland. Han arrangerte derfor ein tur til tivoliet som ligg på ein øy i "Lake Eire" for meg, Zach, Max, Martin, Nathan, Mat, Scott og Atlanta.

Den største derg-og-dal-banen i Cedar Point har ein høgde på 130m og får ein fart på 190 km/t. Uheldigvis fekk vi ikkje tid til å prøve den. Då vi først skulle stille oss i kø, såg var det over to timer venting, så vi fant ut vi heller skulle prøve andre derg-og-dal-baner, og vente til køen var mindre. Då vi endeleg skulle stille oss i kø, hadde dei stengt banen. Men eg skal tilbake til Cedar Point til våren med dei andre utvekslingsstudentene, og då skal eg ta den!

Siden det er Halloween snart, var det strødd skeletter, gresskar, zombier, og andre skumle ting, rundt om i parken. Vi besøkte eit spøkelseshus, og det var faktisk ganske bra. Som i Gröna Lund, var det levende mennesker som gjekk rundt gangane, hoppa ut frå mørke kroker, og velta store kasser.

Vi reiste ikkje heim igjen før halv tolv om natta. Det er ein 4-timers tur frå "Lake Eire" til Belpre, og sjåføren måtte stoppe og sove i ein time, så vi kom ikkje heim før i 5-tiden. Alle utanom Atlanta, overnatta derfor hos Nathan. Då vi vakna i 11.30 spelte vi x-box for ein time, før vi reiste heim.



2 comments:

  1. Den høgaste bana er 30m høgare enn tårna på Sotrabrua , men slik må det vera her borte i US.....they have got the greatest of all.....

    ReplyDelete
  2. Desse bileta har så elevert sublim kvalitet at dei sikkert må vere tekne med eit Canon SX200 IS , heilt lik det nye mitt.... der er ei slik innebygd drone i det.....

    ReplyDelete