Denne veka var siste veka i Soccersesongen. Vi hadde tre kampen, mandag, tirsdag og torsdag. På mandag spelte vi mot Caldwell. Dei var så dårlege at eit 96-lag i Noreg sikkert kunne slått dei. Dei hadde ikkje nok spelarar til å stille med fullt lag eingong, så vi måtte spele med 9 stykk. På tirsdag spelte vi mot Athens, trur eg. På onsdag hadde vi ikkje trening pga det regnet x) Det var berre eit par dråper, men trenerne avlyste treningen likevell :P Torsdag var siste kamp, og eg klarte selvfølgelig å ta med meg utstyret. Heldigvis fekk eg tak i Lorie før ho reiste for å sjå på og ho tok det med. Då eg spelte, meide eg ein spelar ned i bakken, med skulder til skulder og fekk eit gult kort.
Fredag var det amFotballkamp. Warren spelte mot Logan, som er ranka nummer 6 i Ohio. Eg såg ikkje korleis det slutta, for vi gjekk halveis. Det var rundt 0 grader ute, og vi tapte uansett. Max, den tyske utvekslingsstudenten som er på besøk her, hadde ein "fest" for å sjå folk igjen, etter kampen. Eg var der heilt til 5 om ettermiddagen lørdag, tok ein rask tur heim, før eg reite til kjøpesenteret for å kjøpe klær til Homecomming, og for å sjå ein film.
7 years ago
Kanskje det er på tide å smørja skia no i tilfelle vegane fyk igjen ei natt.....
ReplyDeleteKanskje du må ha under fortløpande vurdering å sende julakort til han du meide ned.....og berre inrøm det : det var eigentleg eit raudt....
ReplyDeleteHer i Kopperdalen er det allereide skiføre og brøytebilen patruljerer med høg frekvens....
ReplyDeletePå Hjelmtveit er soccersesongen flytta innandørs og redusert til ein deltakar , nemlig Remus , men ballen har p.t. trilla bak pianoet.....
ReplyDeleteHahah, snør det heime? Her er det 19 grader og null skyer. Men det var frost på bakken i går..
ReplyDelete