Sunday, November 1, 2009

Halloween!


Då har eg opplevd Halloween i USA også... Det er egentlig ikkje sånn eg hadde tenkt det skulle bli. Eg gjorde ingenting spesielt, og det kunne egentlig vert ein heilt vanleg lørdag. Søsteren til Lorie kom på besøk frå Michigan, og vi var i eit familiebesøk. Vi åt kalkun, søtpotet, ein slags brokkolistuing, og gresskarpai. Det smakte kjempegodt. Gresskarpaien smakte litt som pepperkaker, og kalkunen var ikkje tørr i det heiletatt.

Om kvelden var eg på Kino med Holly og Kelly. Daniel skulle egentlig vere med, men han kunne ikkje... Vi såg "Paranormal Activity" (har den komt ut i Norge?), ein litt spesiell skrekkfilm. Den er filma som ein amatørdokumentar, men det fungerer ganske godt. Eg blei ikkje så skremt, men dei fleste var "freaked out" :P

2 comments:

  1. Onkel Roal må ikkje bli gjort kjent med noke som har med Halloween å gjera .Han jagar alle som kjem i slike ærend eller spelar at han ikkje er heime og det gjer han vel heilt rett i.....?

    ReplyDelete
  2. Kan me få sjå bilder av Helga og Kjellaug ?

    ReplyDelete