Monday, November 2, 2009

Trunk or Treat?

Ja, du leste rett, "Trunk or Treat". Eg er ikkje heilt sikker på om det er berre noko den lokale kirken har funne på eller om det er vanleg her borte, men kirken hadde det i alle fall i går. Dei som ville dekorerte bagasjerommet/Bilen i Halloween tema og små unger kledde seg ut og gjekk "trunk or treat". Hehe, dette var sikkert noko av det mest amerikanske eg har vert med på :P Då alle ungane hadde fylt opp bæreposene sine til bristepunktet, gjekk vi inn og åt "Chilli". Det er ein slags kjøttgryte med tomat, bønner og litt andre ting eg ikkje har lyst å vite kva er. Men det er kjempegodt! Etterpå gjekk eg til Brad sitt hus sammen med nokon andre folk frå kirken og var der for eit par timer..

Dette var ein av dei beste bileneYouth minister Jake sin bil. Hehe, han er ein artig fyr

Dei fleste bilene.. Det var sikkert 15-20 biler

"Vår" bil.. Fake spindelvev og gammal mais :P

Gresskar :)Haha, dette er den morsomste bilen :P

3 comments:

  1. er halloween meir for de små? virker koselig

    ReplyDelete
  2. Det spørs kor du er... Har sett mange andre utvekslingsstudenter som går "Trick or Treat"

    ReplyDelete
  3. Er ikkje juleutstillingane begynte her i kapitalismen si storstove enno ? Desse må du rapportere fyldig frå !

    ReplyDelete