Monday, September 21, 2009

Helg!

Helg igjen! Syns vekene går ekstremt fort. I dag er det akkurat ein måne sidan eg satt beina mine i Ohio. På fredag skaut eg og vertsfar med ein halvauto .22 bak i hagen. Det var kjempegøy :P Etterpå var det stor amFotballkamp mot Marietta. Denne kampen blei rekna som den viktigaste i heile år. Då meg og Zach svingte inn på parkeringsplassen ein halvtime før "Kick off" var parkeringsplassen allereie full som ein pakke hjelpestikker. Vi måtte ut i hovedvegen igjen og parkere med restauranten som ligg 350m frå stadion. Før kampen starta gjekk alle studentene ut på bana og lagde ein tunell som fotballspelarane sprang gjennom. Det var ein stakkars som snubla og han blei nesten trampa ned.

Kampen var ganske spennende, men eg syns det er litt masse venting i amFotball generelt... Kvar gong fyren som har ballen blir takla stopper dei spelet og stiller laga opp på nytt. Det tar sikkert 2 min før alle har funne posisjonen sin. Dei speler i kanskje 20 sekund før det stopper opp igjen...

Vi vant kampen, for første gong mot Marietta på 7 år. Etterpå var det besøk hos Nathan. Meg, Atlanta, Martin (svensk utvekslingsstudent som bur hos Nathan) og Zach var der. Poenget var egenltig å møte ein Kinesisk utvekslingsstudent som bur midlertidig hos Nathan, men han berre holdt seg for seg sjøl og snakka kinesisk på pc-en sin. Neste dag fekk eg og Zach vere med Nathan og familien, og sjå på Varsity Soccer laget spele. Kineseren var ikkje med. Han skal bu hos ein annen fyr som har erfaring med asiatiske studenter for å lære engelsk. Han har så store problemer med språket at eg ikkje skjønner korleis han har komt inn i landet. Det går ikkje ann å ha ein samtale med han. Det er litt vanskeleg å vite kor mykje han forstår, for han seier alltid han forstår viss du spørr han, sjøl om det er klart han ikkje gjer det, men eg trur ikkje han får med seg meir enn 5-10% av det du seier...

Om kvelden lørdag reiste eg, Zach og Scott ut til nokon Jenter dei kjente. Trur det var to søstre, ho eine går på Warren, mens ho andre går på College. Det var nokre andre der også, for dei hadde vert i eit bryllup eller noko. Vi såg ein film, åt kake og snakka... Det var ganske gøy.

Søndag var det Kirke igjen. Trur det var den kjedeligaste gongen sidan eg kom her. Etter kirken hadde vi lunch sammen med nokre folk der i frå. Det er noko vi pleier å gjere kvar gong. Om dagen gjorde eg litt fysikk, før eg og Zach reiste tilbake til Kirken rundt 6 for ungdomsgruppen. Vi spelte bordtennis, sånn fotballspel, åt pizza, hadde det sosialt, og koste oss, før vi leste litt frå bibelen på slutten.

Thursday, September 17, 2009

Vanlege dager igjen....

I går og i dag var det block-day på skulen, som betyr vi timene er dobbelt så lange, men vi har halvparten så mange timer. I går hadde vi oddetals timer og i dag partalstimer. Var i kirken etter trening i går, men sidan eg var på soccertrening kom eg seint og var der berrre i ein halvtime. Etterpå reiste eg, Chance, Paul, Zach, Eirik og Ben til McDonald's. Hadde nettopp ete så eg hadde berre ein Sweet Tea. Det er det samme som Ice Tea, men dei kaller det for Sweet Tea... Skjønner ikkje heilt kvifor...

I dag framkallte eg mitt første bilde i photography! Eit bilde av Saidie.. Det var ikkje så bra, men det var brukande :P Rett etter skulen reiste vi til Marietta (Ohio's eldste by, 20 min frå skulen) for å spele ein soccerkamp. Fekk berre spele i 2 min, og stillinga blei 0-0... Då vi var ferdig kjørte vi rett tilbake til skulen for å sjå Varsity laget spele heime mot Marietta. Dei tapte 0-3 og alle var ganske sure. Marietta og Warren konkurrerer veldig mot kvarandre, trur det har vert vanleg med slosskamper etter kampen før, så i dag var det ein politibil der :P I morgon skal Fotballaget spele mot Marietta. Det blir gøy, med masse liv =)

Wednesday, September 16, 2009

Skuledager

Er bedre no. Var paa skulen i gaar og i dag. Det var stress aa vere vekke fraa skule. Eg maatte gjere alle oppgaavene dei andre gjorde i timen daa eg var vekke, pluss leksene. Satt heile mandagen for aa bli ferdig. Daa eg kom paa skulen mandag maatte eg foerst gaa til kontoret, faa ein spesiell lapp som alle learerne skulle skrive under paa. Eg syns det er idiotisk, men det er visst for aa hindre elever aa skulke... Skjoenner ikkje heilt korleis det hjelper, men men.

Daa skulen var ferdig tirsdag kjoerte eg, Zach, Scott, Martin og Matt bort paa "the Diner" og aat mat. Etterpaa reiste vi heim, bytta til treningsklear og reiste paa trening. Skuledagen i dag har vert heilt normal. Ingenting spesielt som har skjedd. Vi fekk igjen amHistory proeven vi hadde paa fredag. Gjett kem som fekk best resultat. Dei to utvekslingsstudentene x) Proeven var kjempelett, med kun multiple choice spoersmaal.

Monday, September 14, 2009

Sjuk! :S

Yes, daa har eg blitt angrepet av amerikanske basselusker for foerste gong. Merka i gaar daa eg stod opp at halsen begynte aa svi. Daa eg stod opp i dag, hadde eg vondt i hodet, rennende nese og ein hals fraa helvette. Lorie gav meg ein tablett foer eg la meg igjen og sov til fram til halv 1. Har ete ein sandwich og no skal eg legge meg igjen.

Haaper det gaar fort over. Ikkje goey aa vere sjuk :(

Sunday, September 13, 2009

Kirkesøndag

I dag var eg i kirken. Den er ganske anderledes enn i Norge. Den begynner egentlig klokka 9, men vi kjem alltid seint :P Først er det smalgroups. I den eg og Zach er i er det kun ungdomer, og vi snakker og er mest sosial, før vi synger og ber litt mot slutten. Klokka 10 starter sjølve gudstenesta. Det er for det meste sang, litt prayer, og så er det alltid ein som holder ein tale. Ikkje ein treig tale som i Norge, men ein med ordentlig liv i. I det siste har det vert ein fyr som snakker om "Send revival to Belpree" og han er så inn i talen at det er morsomt å sjå på.

Etter Kirken er ferdig, 11-11.30, alt etter kor mykje talaren har på hjertet, pleier vi å reise til ein resturant med nokon frå Kirken. åå, som eg elsker å gå på resturant i dette landet! I dag var vi på ein Italiensk resturant, og mens vi venta på maten kom dei med brød og salat. Når det var tomt berre fyllte dei på med nytt. Gratis! Det samme gjelder med drikke. Ein treng ikkje vere redd for å drikke opp før maten kjem, dei berre kjem med ny!

Saturday, September 12, 2009

Fortsettelse

Etter gjestene var gått kjørte meg, Josh og Zach bort til soccerbanen og spelte litt sammen med Matt. Etterpå reiste vi til Hickary Groove (bensinstasjon/matbutikk/kafe) og kjøpte drikke før vi kjørte heim.

Tirsdag var vanleg skuledag utan noko interresant. Fekk fri dei to siste timene for vi skulle spele soccer kamp. Måtte reise i 2 timer før vi kom fram, men vi kjørte sånn gul skulebuss :) Vi spelte ganske bra, men det blei uavgjort. I fysikk fekk vi igjen prøven. Fysikktimene er foresten ganske lette... Læreren snakker litt, vi gjer nokre oppgåver og speler dart og et kjeks som læreren selger for 25 cent pr. pakke.

Onsdag var også vanleg dag, berre med 1 hour delay, som betyr eg kan sove lenger! :D

I dag hadde vi prøve i amHistory. Det var latterlig prøve! Kun multiple choice spørsmål, ingenting du måtte tenke på. Er litt usikker på korleis det gjekk, for ein måtte hugse detaljer og det var ikkje eg forberedt på. Eg er vandt med at ein skriv ein lang utgreiing om noko, og detaljene ikkje speler noko rolle. Då eg kom heim åt eg litt mat, og gjorde meg klar til soccertrening klokka fem. Etter den reiste vi og såg på amFotball. Var med Josh, Atlanta og Zach til ein restaurant etterpå og åt mat før vi reiste heim.

Friday, September 11, 2009

Familiebesøk

Den siste veka har vert ganske normal... Mandag var Labor dag (= Fri :D). Då eg stod opp halv elleve gjekk eg ned på kjøkkenet, der Greg allerede styrte på med å lage "pickles", agurk i skiver, på glass, sammen med eddik trur eg... Det ligner litt på sylteagurk. Agurken kjem frå ein stor kjøkkenhage Greg har planta i hagen. Der veks det gigantiske tomater, ser nesten genmodifiserte ut :P Agurker, ein liten maisåker, Vannmelon og honningmelon(!), potet, bønner, turnips og litt til.

Utanfor mellom badebasenget og huset var det satt opp eit lite partytelt. Eg spurte greg om det og han sa vi skulle ha eit familiebesøk. Eg hjalp til og tørka litt støv før dei første gjestene kom klokka 1. Det var besteforeldrene. Etter kvart kom det nokre tanter og onkler med barn. Josh(Ein venn) kom også, han er visst fetteren til Zach eller noe... Vi spelte litt Wii, åt grillmat og bada. Det var ganske gøy og eg blei i alle fall kjent med nokon frå "Slekta"

Fortsettelse følger. (Har ikkje tid til å skrive meir, skal på Soccertrening og etterpå sjå på amFotballkamp)