Tuesday, September 29, 2009

Niagara Falls, part 2!




















Sven ved siden av ein Elvis gitar.













Amerika: Landet som elsker regler og skilt.





Cleavland stadion.. Den ser masse større ut i virkeligheten. Sikkert plass til 50 000 mennesker der.








Etter Cleacland kjørte vi vidare til Niagr a Falls. Det tok ca, 3-4 timar. Det var ein lang tur, men vi hadde snakka og hadde det morsomt i "bussen". Det første eg såg av Niagra Falls var ein stor vannsky som steig opp av horisonten. Så begynte eg å høre ein susing, som etter kvart steig til eit brøl. Vi gjekk ut på ein plattform og til venstre for oss låg Niagara Falls! Eg blei så utruleg skuffa. Dette var absolutt ikkje det eg hadde forventa. Det var berre ein litt brei, men kort foss. Har sett så mykje bedre i Norge.. Niagara Falls egentlig to fall, det amerikanske og det kanadiske. Det kanadiske skulle visst vere størst, men vi kunne ikkje sjå det så godt frå der vi stod. Vi tok ein heis ned frå plattformen og gjekk ombord i ein båt, "Maid of the Mist" som skulle ta oss inn til midten av fossen. Alle fekk ein blå poncho, før vi gjekk ombord.

Båten kjørte forbi den skuffende amerikanske fossen. Eg tok eit par bilder og plutselig føltes det som nokon slapp ein bøtte med vatn i hodet på meg. Eg snudde meg, og såg noko av det mest fantasiske eg har sett, den kanadiske siden av Niagara Falls. Dette var hesteskoforma Niagara Falls eg har sett på TV. Det var gigantisk. Sjølv om vi var 300 meter unna blei det piska opp vatn som havna på båten så det var umulig å ta bilder. Båten kjørte heilt inn til midten av hesteskoen før den snudde og kjørte tilbake. Eg var gjennomvåt, men det gjorde ingenting. Det var verdt det. Då vi gjekk av båten tok vi eit gruppebilde før vi gjekk til "Hard Rock Cafe". Då vi var ferdig og gjekk tilbake til Fossen var det mørkt. Det var fantastisk, dei hadde lysshow som lyste falla opp.

Vi fekk 45 min til å sjå på, før vi reiste til hotellet. Opplegget der var ganske "retarded". Ein blei delt inn i grupper på to eller tre, som fekk sitt eige rom, men dei fekk ikkje vere åleine. På kvart einaste rom var det også ein voksen! Du føler deg som ein 8-åring igjen. Neste dag stod vi opp 7, og reiste halv 8. Etter eit par timer stoppa vi med eit gigantisk kjøpesenter. Eg kjøpte meg eit par sko, eit belte og ein t-skjorte. Har egentlig alt eg trenger, men det er så sykt billig her :P Planen vidare var egentlig å besøke Pittsburgh, men Obama var visst på besøk der så vi det ville bli for masse styr...



Niagra Falls!

På fredag begynte "Barlow Fair". Det er ein lokal "Fair" for området, men var mykje det samme som Fairen tidlegare, berre mindre. Det heile begynte med ein parade, der eg var med. Eg og soccerlaget satt på lasteplanet til ein bil og kasta godteri til unger som stod langs vegen, mens vi kjørte forbi. Har eit par bilder frå det, men dei kjem ut seinare ;)

Lørdag og søndag var eg på tur til Niagra Falls! Turen var arrangert av dei lokale utvekslings-folka her, og alle utvekslingsstudentene i området kunne vere med. Dei prøver å ha ein sånn tur ein gong i månaden. Syns det er eit kjempe bra tilbud! Skulle vert sånn for alle utvekslingsstudentene.

Lørdag morning stod eg opp halv 5, gjorde meg klar, før Stewe West (Local Cordinator) og Martin kom og plukka meg opp. Vi kjørte til Steve Flynn (Litt større enn Local Cordinator) der vi møtte nokre andre av dei som skulle vere med. Vi satt oss inn i ein minibuss med plass til 15 personer og kjørte litt for å møte to andre busser, som kom frå andre plasser. Vi måtte vente i sikkert ein halvtime på ein fyr som hadde forsovet seg, før vi kom oss avgårde igjen.





Neste stopp var Cleavland, trur det var 3 timer kjøring. Vi skulle egentlig ha 1.5 timer der, men det blei kutta ned til 20 min fordi vi var på etterskudd. Vi gjekk til "Rock and Roll, Hall of Fame". Navnet seier vel det meste. Sidan vi hadde så dårlig tid, gjekk/småjogga eg litt rundt i lobbyen og tok bilder. Så løp eg og Sven, ein tysk utvekslingsstudent, bort til ein fotballstadion for å ta bilder og tilbake. Heile besøket var egentlig ganske latterlig på så kort tid.


















Trengs det ein forklaring? :)














Michael Jackson gitar!













Utenfor Rock and roll hall of Fame. Sven, til venstre, husker ikkje navnet på han til høgre (A)
































Eit dårlig bilde, men gitaren var så stilig eg berre måtte ha den med x)






















Fortsettelse følger: Men no skal eg på trening ;)

Monday, September 21, 2009

Helg!

Helg igjen! Syns vekene går ekstremt fort. I dag er det akkurat ein måne sidan eg satt beina mine i Ohio. På fredag skaut eg og vertsfar med ein halvauto .22 bak i hagen. Det var kjempegøy :P Etterpå var det stor amFotballkamp mot Marietta. Denne kampen blei rekna som den viktigaste i heile år. Då meg og Zach svingte inn på parkeringsplassen ein halvtime før "Kick off" var parkeringsplassen allereie full som ein pakke hjelpestikker. Vi måtte ut i hovedvegen igjen og parkere med restauranten som ligg 350m frå stadion. Før kampen starta gjekk alle studentene ut på bana og lagde ein tunell som fotballspelarane sprang gjennom. Det var ein stakkars som snubla og han blei nesten trampa ned.

Kampen var ganske spennende, men eg syns det er litt masse venting i amFotball generelt... Kvar gong fyren som har ballen blir takla stopper dei spelet og stiller laga opp på nytt. Det tar sikkert 2 min før alle har funne posisjonen sin. Dei speler i kanskje 20 sekund før det stopper opp igjen...

Vi vant kampen, for første gong mot Marietta på 7 år. Etterpå var det besøk hos Nathan. Meg, Atlanta, Martin (svensk utvekslingsstudent som bur hos Nathan) og Zach var der. Poenget var egenltig å møte ein Kinesisk utvekslingsstudent som bur midlertidig hos Nathan, men han berre holdt seg for seg sjøl og snakka kinesisk på pc-en sin. Neste dag fekk eg og Zach vere med Nathan og familien, og sjå på Varsity Soccer laget spele. Kineseren var ikkje med. Han skal bu hos ein annen fyr som har erfaring med asiatiske studenter for å lære engelsk. Han har så store problemer med språket at eg ikkje skjønner korleis han har komt inn i landet. Det går ikkje ann å ha ein samtale med han. Det er litt vanskeleg å vite kor mykje han forstår, for han seier alltid han forstår viss du spørr han, sjøl om det er klart han ikkje gjer det, men eg trur ikkje han får med seg meir enn 5-10% av det du seier...

Om kvelden lørdag reiste eg, Zach og Scott ut til nokon Jenter dei kjente. Trur det var to søstre, ho eine går på Warren, mens ho andre går på College. Det var nokre andre der også, for dei hadde vert i eit bryllup eller noko. Vi såg ein film, åt kake og snakka... Det var ganske gøy.

Søndag var det Kirke igjen. Trur det var den kjedeligaste gongen sidan eg kom her. Etter kirken hadde vi lunch sammen med nokre folk der i frå. Det er noko vi pleier å gjere kvar gong. Om dagen gjorde eg litt fysikk, før eg og Zach reiste tilbake til Kirken rundt 6 for ungdomsgruppen. Vi spelte bordtennis, sånn fotballspel, åt pizza, hadde det sosialt, og koste oss, før vi leste litt frå bibelen på slutten.

Thursday, September 17, 2009

Vanlege dager igjen....

I går og i dag var det block-day på skulen, som betyr vi timene er dobbelt så lange, men vi har halvparten så mange timer. I går hadde vi oddetals timer og i dag partalstimer. Var i kirken etter trening i går, men sidan eg var på soccertrening kom eg seint og var der berrre i ein halvtime. Etterpå reiste eg, Chance, Paul, Zach, Eirik og Ben til McDonald's. Hadde nettopp ete så eg hadde berre ein Sweet Tea. Det er det samme som Ice Tea, men dei kaller det for Sweet Tea... Skjønner ikkje heilt kvifor...

I dag framkallte eg mitt første bilde i photography! Eit bilde av Saidie.. Det var ikkje så bra, men det var brukande :P Rett etter skulen reiste vi til Marietta (Ohio's eldste by, 20 min frå skulen) for å spele ein soccerkamp. Fekk berre spele i 2 min, og stillinga blei 0-0... Då vi var ferdig kjørte vi rett tilbake til skulen for å sjå Varsity laget spele heime mot Marietta. Dei tapte 0-3 og alle var ganske sure. Marietta og Warren konkurrerer veldig mot kvarandre, trur det har vert vanleg med slosskamper etter kampen før, så i dag var det ein politibil der :P I morgon skal Fotballaget spele mot Marietta. Det blir gøy, med masse liv =)

Wednesday, September 16, 2009

Skuledager

Er bedre no. Var paa skulen i gaar og i dag. Det var stress aa vere vekke fraa skule. Eg maatte gjere alle oppgaavene dei andre gjorde i timen daa eg var vekke, pluss leksene. Satt heile mandagen for aa bli ferdig. Daa eg kom paa skulen mandag maatte eg foerst gaa til kontoret, faa ein spesiell lapp som alle learerne skulle skrive under paa. Eg syns det er idiotisk, men det er visst for aa hindre elever aa skulke... Skjoenner ikkje heilt korleis det hjelper, men men.

Daa skulen var ferdig tirsdag kjoerte eg, Zach, Scott, Martin og Matt bort paa "the Diner" og aat mat. Etterpaa reiste vi heim, bytta til treningsklear og reiste paa trening. Skuledagen i dag har vert heilt normal. Ingenting spesielt som har skjedd. Vi fekk igjen amHistory proeven vi hadde paa fredag. Gjett kem som fekk best resultat. Dei to utvekslingsstudentene x) Proeven var kjempelett, med kun multiple choice spoersmaal.

Monday, September 14, 2009

Sjuk! :S

Yes, daa har eg blitt angrepet av amerikanske basselusker for foerste gong. Merka i gaar daa eg stod opp at halsen begynte aa svi. Daa eg stod opp i dag, hadde eg vondt i hodet, rennende nese og ein hals fraa helvette. Lorie gav meg ein tablett foer eg la meg igjen og sov til fram til halv 1. Har ete ein sandwich og no skal eg legge meg igjen.

Haaper det gaar fort over. Ikkje goey aa vere sjuk :(

Sunday, September 13, 2009

Kirkesøndag

I dag var eg i kirken. Den er ganske anderledes enn i Norge. Den begynner egentlig klokka 9, men vi kjem alltid seint :P Først er det smalgroups. I den eg og Zach er i er det kun ungdomer, og vi snakker og er mest sosial, før vi synger og ber litt mot slutten. Klokka 10 starter sjølve gudstenesta. Det er for det meste sang, litt prayer, og så er det alltid ein som holder ein tale. Ikkje ein treig tale som i Norge, men ein med ordentlig liv i. I det siste har det vert ein fyr som snakker om "Send revival to Belpree" og han er så inn i talen at det er morsomt å sjå på.

Etter Kirken er ferdig, 11-11.30, alt etter kor mykje talaren har på hjertet, pleier vi å reise til ein resturant med nokon frå Kirken. åå, som eg elsker å gå på resturant i dette landet! I dag var vi på ein Italiensk resturant, og mens vi venta på maten kom dei med brød og salat. Når det var tomt berre fyllte dei på med nytt. Gratis! Det samme gjelder med drikke. Ein treng ikkje vere redd for å drikke opp før maten kjem, dei berre kjem med ny!