Monday, February 1, 2010

Oisann, tiden flyr og no er det over ein uke siden eg skreiv sist :P

Tirsdag to (?) uker siden ringte klokka 7.05 som vanlig og eg stod opp 7.15. Heldigvis såg eg at Zach fortsatt sov, så eg tok ein titt ut vinduet og siden bakken var dekka med HEILE 3cm snø, gjekk eg til sengs igjen og stod ikkje opp før 12. Snow days er elsk! :)

Ein eller annen fredag, husker ikkje heilt ka, gjekk eg på kino med Holly, Nathan, Derrick og noen folk eg egentlig ikkje kjenner, og såg "Legion". Den handla om at gud var så lei av all jævelskapen i verden så han sender englene sine for å utslette menneskeheten, og noe styr. Var heilt grei, men plottet var ganske dårlig gjennomtenkt. Før filmen gjekk vi til Buffalo Wild Wing og åt kyllingvinger, mmmm.

Sist lørdag spelte eg Paintball med Nathan Vincent, Cody, Derrick, og noen som vi ikkje kjente. Sjølv om eg blei trefft i hånden to ganger var sikkert den morsomste gangen eg har spelt her. Hmm, fortalte eg at eg hadde kjøpt eit paintball gevær? Føler ikkje gjorde det... I alle fall, i høst, rundt oktober trur eg kjøpte eg eit paintball gevær av Nathan Vincent for $50 (300kr) med maske og gasstankt :) Sjekka også med tollvesenet, og det skal gå fint å ta det med i bagasjen ;)

Emm, husker ikkje noe meir spennende akkurat no.. Skal skrive meir viss eg kjem på noe.


Ai

1 comment:

  1. Du har kun ein kvote på eitt gevær i våpenskåpet og den er fylt opp allereide

    ReplyDelete