Lincoln memorial
Studentene frå Ohio
Svenske i D.C.
Martin, Sven og Marco
The white house. Hugo, Martin, Marco, Meg, Sven og Simon
Heile gruppen
Arlington Graveyard
Fleire bilder på Facebook
Gjennom året her har områderepresentante rundt her gått sammen og planlagt forskjellige turer med utvekslingsstudentene. Første turen var Niagara Falls, før dei tok oss til ein fornøyelses park, skitur, "all night party" og sikkert noe eg ikkje husker også. På kvar tur sa dei vi burde glede oss til Washington D.C., den turen kom til å bli den klart beste. Vi lurte litt på korleis det gjekk an, for alle turene var fantastiske, men dei hadde rett. Eg er ikkje heilt sikker på kva som gjorde det, kan hende det var hotellet med badebaseng og treningssenter, dei morsomme attraksjonene eller berre det å reise vekk, men mest trur eg det var alle dei fantastiske folka som var med og alle kjente kvarandre no.
Washington D.C. turen starta med at mange av utvekslingsstudentene overnatta i huset til Steve Flinn (sjef for alle dei lokale områderepresentantene). Vi var oppe det meste av natten og spelte billiard, fantasi eller satt i ein ring og snakka. Klokka 6 satt vi oss i bilen og satt kursen for USA sin hovudstad. "Bilen" var ein slags minibuss med plass til at kanskje 8 personer kunne sitte komfortabelt i den. Uheldigvis var den registrert for 15 personer så vi satt klemt sammen for dei 8 timene turen tok.
Då vi kom fram reiste vi til Arlington graveyard trur eg det var. Det er gravplassen med alle dei kvite korsene, der dei gravlegger alle dei falne soldatene. Etter det reiste vi til Olive Garden for å ete mat før vi reiste til hotellet.
Neste dag, fredag, reiste vi inn til sjølve sentrum av D.C. Vi såg den store obelisken framfor det kvite hus, lincoln memorial, Vietnam Memorial, Amerikan History Museum, det kvite hus (from a restricted distance), National Post Office for shopping av suvenirer og vi reiste til østkystens største kjøpesenter (Lederne likte tydeligvis ikkje prisene der inne, så vi brukte berre 30 minutter på titte rundt. Var berre tid til å gå inn og ut).
Lørdag var museum dag og vi såg World History Museum of Dinosoaurs (kor dei spelte inn Night at the museum), The Hope Diamond, National Museum of Art, National Air and Space Museum. I tillegg såg vi The US Capital, som eg alltid har trudd var det kvite hus før no. Då det var tid for middag om kvelden reiste vi til eit "medieval dinner theater". Vi fekk servert mat på metallfat uten bestikk, og såg på folk som slåss med sverd og rei på hest. Var ein opplevelse!
Søndag blei brukt på turen heim, men vi stoppa med ein "Outlett mall" i eit par timer for å handle klær.