Wednesday, April 28, 2010

I'm Alive!

Etter antall request fra mamma om å skrive meir, fant eg endelig tid til å få ned noen ord...

I påskeferien, reiste eg med familien først ned til Saint Louis , Missouri, og Sercy, Arkansas. Siden "påskeferien" berre var langfredag av, tok vi også fri på torsdag og mandag. Vi begynte turen ned onsdag kveld, og med ein liten sovepause i bilen kom vi fram til Saint Louis torsdag morning. Vi litt sov hos tanten til Zach, søsteren til Greg, som bur 15 min fra sentrum, før vi reiste inn til Saint Louis's mest berømte attraksjon, "The Arch". "The Arch" kan best beskrives som ein 200m høy stålbue og blir kallt "The gateway to the West". Vi kjøpte billetter for å ta heisen opp til toppen klokka 11, men køen var allerede så lang at vi ikkje fekk billetter før klokka 15.10. Vi brukte den 4 timer lange ventetiden på å ete lunch og gå litt rundt i downtown..

Masdglkasdhlgkajhdslgkjhlewhaglidsa... Eg hadde skrivet eit langt innlegg om resten av turen, men Blogspot bestemte seg tydligvis for å poppe opp ein feilmelding og slette alt utenom dette, og eg gidd ikkje skrive det opp igjen.. I alle fall ikkje i kveld.. mmmmmmmmmmmmmmmmmmmmmmmmmmmmmmmmmmmmmmmmmmmmmmmmmmmmmmmmmmmmmmmmmmmmmmmmmmmmmmm

Thursday, March 11, 2010

Oppdatering!







Hmm, no gjelder det å huske ka som har skjedd siden 15. februar...

Ein helg reiste ungdomsgruppen i kirken til "Winterfest", ein stor kirkeleir i Gatlinburg, Tennessee. Det tok 8-10 timer med buss ned der så vi kom ikkje fram før i 5 tiden på fredag. Vi blei delt inn i rom før vi gjekk ut for å utforske byen. Gatlinburg er ein turistby, så det var fullt av rare butikker og ting å sjå. Klokken sju begynte sjølve samlinga. Sjølv om det var i ein stor hall, nesten like stor som ein fotballbane, var det berre plass til halvparten av folka som var der. Totalt var det nesten 15,000 ungdommer på plass, så dei måtte dele gruppen i to og kjøre programmet i to omganger.

Det heile begynte med ein liten introduksjon til temaet, før ein illusjonist/komiker hadde eit lite show på scenen. Etter det var det litt salmesynging og ein fyr holdt ein tale før vi slapp ut. Vi brukte eit par timer etter det til å berre gå rundt å sjå på ting før youthgroupen vår hadde ein samling tilbake på hotellet. 

Lørdag begynte dagen med ein ny samling. I begynnelsen var oppmerksomheten retta på ein komiker på scenen før samme fyren som dagen før holdt ein ny preken om samme tema. Etter litt allsang blei vi kasta ut på gaten for å gjøre plass til neste gruppe. Vi gjekk til Texas roadhouse for å ete lunch, men gatene var så fulle av sultne kristne ungdommer så vi måtte vente i 45 min før det i heile tatt var eit bord ledig.

Om kvelden var det ein ny samling som gjekk stort sett ut på det samme. Begynte med to morsomme artister før det var litt allsang og ein fyr preika i vei. Dei hadde også ein "debatt" mellom ein kristen og ein ateistisk professer.Trur dei fleste i hallen syns det var ganske tragisk. Eg veit ikkje heilt ka arrangørenene prøvde på. Dei sa dei prøvde å hjelpe folk når dei blei stillt kritiske spørsmål om trua deira, men han "professoren" var så dum/hjelpelaus at dei fleste kunne ha diskutert bedre enn han.

Eg visste ikkje heilt ka eg skulle forvente av bursdagen min, men det var kjempekoselig. På sjølve dagen sang folk i fysikkklassen og matteklassen bursdagssangen. Då dei kom til "Happybirthday to ..." visste ingen heilt ka navn dei skulle sei, så det blei ein blanding mellom, BiiDjornar, bernard, Lee og noen andre varianter eg ikkje heilt kunne tyde. Etter skulen gjekk eg ut med familien for å ha ein bursdagsmiddag. Eg trudde det berre var oss fire, men då vi kom til restauranten satt det ein liten samling rundt bordet. Kirkegruppen Lorie og Greg går til hadde visst funne ut dei skulle ha eit lite overasskelses besøk for meg. Dei er kjempekoselige, og det var veldig hyggelig. Fekk litt forskjellige presanger. Eit par Ohio State (amFotballag) t-skjorter, ein foldekniv, ein stor pakke m&m, ein West Virginia hoody og av Greg og Lorie fekk eg ein kikkertsikte til å feste på Saueren når eg kjem heim. 

To dager etter gjekk eg ut med forskjellige venner til Buffalo Wild Wings for å feire. Matt spanderte 6 "Blazin' wings" på dei to utlendingen der. "Blazin' wings" er dei sterkeste kyllingvingene dei har. På menyen står det ein advarsel: "Warning, keep your hands off eyes, kids, sensitiv skin, and pets after eating these". Eg syns egentlig ikkje dei var så veldig sterke, den tyrkiske pepperen var masse verre, men Martin kjente det ganske bra...

Husker ikkje/Gidd ikkje skrive meir no. Pga alle snødagene i februar må vi gå 1 time lenger på skulen i heile mars! Starter 8.15 og slutter ikkje før 16.12.. Det er forferdelig! Særlig siden eg begynte på Track (friidrett) på mandag. Trening er rett etter skulen og eg kjem ikkje heim før 18.30-18.45.. The first day of practice we had to run 1600m to warm up, then do some stretching and short sprints. After that the coach said: "Good, now run wherever you want for 40 minutes". I thought she was kidding before everybody started running. After 40 minutes of terror we had to do eight 70 meter sprints. The next day we did 50 minutes of running. Aww, I dont think I've ever been this sore. Today we did 6X800m, each in no more than 3 minutes.. 

Hahah, skifta visst over til engelsk oppi her.. Ganske rart :P

Basketball kamp

Monday, February 15, 2010

Sist tirsdag begynte vekkerklokken å lage eit fæla leven 7.05 som vanlig. Då eg endelig var komt meg opp av senga og begynt å spist frokost oppdaga eg at noko ikkje stemte. Eg såg meg rundt for å prøve å finne ut kva det var utan hell. Det var ikkje før eg hadde skylt ut av melkeglasset at eg såg kva det var. Zach var ikkje stått opp. Eg skrudde raskt på TVen og blei møtt av:"Warren High school is closed because of snow"... Så masse for å stå opp av seg sjøl. Eg gjekk tilbake til sengs og sov til 12.

Etter to slappe innesnødde dager, fekk eg ein melding av Cody på torsdag om eg ville vere med på kino. Såg "The Legion", ein heilt OK film, men det var godt å komme seg ut av huset. Fredag kveld reiste eg og Zach til Keith.

Neste helg skal "the youth group" reise til ein eller annen ting, og for at det ikkje skal bli så dyrt hadde vi ein "found raiser" etter kirken på søndag. Vi serverte spagetti til sultne familier som kom frå gudstenesten, og dei donerte litt penger. Trur vi hadde fått inn over $1000 før gryten med spagetti var tom. Eg var ein rask tur heim før eg reiste på kino igjen. Etter det åt vi på CiCi's alt-du-kan-spise-for-30kr pizza. Den plassen er amazing!

Siden vi hadde fri på mandag, pga. "President's day" (pluss at det var meldt 5-10 inches snø) kom folk frå "youth group" over og overnatta til i dag.

Sunday, February 7, 2010

Tentamen og snø


Hadde tentamen for ein eller to uker siden.. Dei var så seint pga. blei utsatt ein uke pga alle snødagene vi hadde etter jul. Vi hadde tentamen i ALLE fag, men det var kjempelett.. Det var ikkje noe torturerende heildagsprøve som i Norge, men berre ein vanlig to-timers prøve som inneholdt stoff frå heile semesteret.

Sist fredag var det meldt snøstorm om ettermiddagen, så vi fekk fri to timer tidlig frå skulen, og alle sportene blei avlyst for helga. "Two-hour early dismissal" har ikkje skjedd på mange år. Dei fleste husker ikkje eingang kortid det skjedde sist. I alle fall så ringte klokka for siste gang klokka 1.12 og vi reiste lykkelige heim i regnet. Den fryktelige, morderiske snøen som var meldt, kom ned som regn i steden for fram til i 11 tiden om kvelden. Men lørdags morning var det ca. 15 cm snø ute, så vi får sikkert fri på mandag ^^

Monday, February 1, 2010

Oisann, tiden flyr og no er det over ein uke siden eg skreiv sist :P

Tirsdag to (?) uker siden ringte klokka 7.05 som vanlig og eg stod opp 7.15. Heldigvis såg eg at Zach fortsatt sov, så eg tok ein titt ut vinduet og siden bakken var dekka med HEILE 3cm snø, gjekk eg til sengs igjen og stod ikkje opp før 12. Snow days er elsk! :)

Ein eller annen fredag, husker ikkje heilt ka, gjekk eg på kino med Holly, Nathan, Derrick og noen folk eg egentlig ikkje kjenner, og såg "Legion". Den handla om at gud var så lei av all jævelskapen i verden så han sender englene sine for å utslette menneskeheten, og noe styr. Var heilt grei, men plottet var ganske dårlig gjennomtenkt. Før filmen gjekk vi til Buffalo Wild Wing og åt kyllingvinger, mmmm.

Sist lørdag spelte eg Paintball med Nathan Vincent, Cody, Derrick, og noen som vi ikkje kjente. Sjølv om eg blei trefft i hånden to ganger var sikkert den morsomste gangen eg har spelt her. Hmm, fortalte eg at eg hadde kjøpt eit paintball gevær? Føler ikkje gjorde det... I alle fall, i høst, rundt oktober trur eg kjøpte eg eit paintball gevær av Nathan Vincent for $50 (300kr) med maske og gasstankt :) Sjekka også med tollvesenet, og det skal gå fint å ta det med i bagasjen ;)

Emm, husker ikkje noe meir spennende akkurat no.. Skal skrive meir viss eg kjem på noe.


Ai

Friday, January 22, 2010

Hmm, husker ikkje heilt kortid eg skreiv sist, men har berre ikkje gidda å skrive noe.
Uansett, ein eller annen dag mellom sist gang og no, reiste eg, Greg, Erni og Mark til ein våpenbutikk, eit stykke nord for her. Dei hadde alt mulig rart. Favoritten var ein revolver som kunne skyte haglepatroner! Blant diverse kopier av m16 fant vi ein gammel brittisk 2. verdenskrigsrifle som hadde fått ny stokk og "scope mount". Avtrekket føltes nesten perfekt, og den såg ganske stilig ut. Greg signerte eit par papir, langa over $150 og vi tok den med heim.



Lørdag for ein uke siden var det ein stor basketball kamp mellom rivalene Warren og Belpre. Det var ordentlig liv på fulle tribunen. Omtrent alle i studentseksjonen sang/ropte og hadde det kjempekjekt. Vi vant ganske med ganske masse viss eg husker rett, men eg følgte ikkje så godt med på stillingen :P Etter kampen reiste eg og Zach til Josh og overnatta der. Om morningen reiste vi til kirken før vi gjekk på ein meksikansk restaurant og møtte Nathan, Martin, Atlanta og ein anna fyr for å feire bursdagen til Josh. Etterpå reiste vi til Nathan og Martin for å sjå "The Hangover".

Klokka 6 måtte eg og Zach reiste til Youthgroup. Det var ganske kjekt denne gangen. Vi åt noe tacogreier, spelte billiard og snakka for mesteparten av tiden før vi leste litt i bibelen og snakka om ein bok der... Etterpå reiste omtrent alle guttene til Chance sitt hus og overnatta der siden vi hadde fri på mandag (Martin Luther Kings dag).

På tirsdag var det basketball kamp mot Marietta, som var enda større enn Beplrekampen. Etter skulen gjekk eg med Levi, Drew og Sam til Subways (samme som Big Bite). 1 foot sub seinere reiste vi til ein butikk for å kjøpe blå annsiktsmaling og div. Då vi reiste tilbake til skulen var det ein time til kampen starta, men gymsalen var allerede begynt å fylles opp. Det var ein kjempemorsom kamp. Nokon hengte ein tiger (Marietta sitt symbol) etter nakken frå taket, og då ein fyr frå marietta prøvde å ta den ned, reiv han hodet av den.. :P Kampen enda med at vi vant 55-49, og folk sang "Just like football", for vi vant mot dei der også. Det var for første gang på 10 år, men det blir det ikkje snakka så masse om.



Dagens blinkskudd

Wednesday, January 13, 2010

3 weeks of Christmas break

Eg har hatt min lengste juleferie eg nokon gang har hatt og kjem til å få. Sist uke snødde det litt kvar dag. Omtrent 1 cm, og vi fekk like greitt fram til helga. På mandag hadde dei enda ikkje skufla vekk snøen på sideveiene så vi fekk fri då. Om kvelden snødde det 2 cm og vi fekk fri tirsdag ^^ I dag var alle veiene relativt snøfrie, så vi måtte gå på skulen, men med "2 hour delay", haha.

Snødagene blei brukt for det meste på å sove lenge, slappe av på sofaen og ake litt. Torsdag kom Cody (sikkert over 2m høg), Josh, Nathan og Martin på besøk. Vi fant ein ganske lang bakke vi akte i. Uheldigvis var den ikkje alt for bratt, men det var kjempemorsomt fordi. Dei fleste akebrettene her borte er ikkje harde som i norge, men berre eit brett av isopor eller noe... Då vi ikkje gadd å gå opp bakken fleire ganger reiste vi til Josh og hang i kjelleren hans. Fredag hadde vi ein snøballkrig i hagen hans, før vi fant ut vi skulle gå bort til butikken for å kjøpe snaks. Det tok kanskje 10 min å gå bort, men folk begynte å klage allerede etter 400m x) Då vi kom fram kjøpte vi Hot Fries (mmmmmmmmm), chips og brus. Etter ein "laaang" tur heim att spelte vi billiard og x-box fram til Greg kom heim frå jobb og henta oss. Zach hadde ikkje lov å kjøre siden det var snø på veiene.

Lørdag til Tirsdag var det jaktsesong igjen (for muzzleloader), og søndag kveld skaut eg ein hjort. Uheldigvis begynnte den å springe inn i skogen og var ute av syne innen eit par sekunder. Eg gjekk inn for å spore den opp og fant eit fint blodspor. Omtrent 700m inn i skogen mista eg og Zach sporet og måtte gi opp. Det var for mørkt til å sjå noko, og "smallgroup" hadde allerede begynt for 45 min siden. Då vi kom heim igjen var allerede Greg inne i skogen for å leite, men kom heim uten hell. Mandag hadde vi heldigvis "snow day" og då eg stod opp tok eg på ullundertøy, lada opp muzzleloaderen og gjekk inn i skogen igjen. Eg fant kor Greg hadde mista sporet, og klarte etter å traske rundt der i kanskje ein time å finne det igjen. Eg kom til ein plass hjorten hadde lagt ned, og etter det blei det berre mindre og mindre blod. Pluttselig kom den til ein plass med hundrevis av andre spor og det var umulig å vite kor den gjekk vidare.

Då klokka var 15, gav eg opp og begynte på turen heim. Eg gjekk ein litt anna rute enn på vegen inn, og omtrent halvegs kunne eg høre ein kråkeflokk på andre siden av eit gjorde. Eg kjente hjertet hoppe då eg såg dei holdt på å ete på noko. Då eg kom nærmere kunne eg sjå det var ein liten hjort. Uheldigvis hadde koyoter (?) komt der før meg og det var umulig å sjå om det var hjorten eg leita etter eller ikkje.

Då Greg kom heim frå jobb reiste vi til ein av naboene (John Mikael) og gjekk på jakt der sammen med Erni. Eg blei satt i eit "treestand" (Ein stol skrudd inn oppe i eit tre) og satt der til det blei mørkt. Eg såg ingenting utenom eit par ekkorn. Erni var heldigere og skaut ein liten hjort.